Hopp til innhold

Nato-toppmøte i Washington: Biden varslar styrking av ukrainsk luftforsvar

Den amerikanske presidenten varslar at ein ny pakke med våpenstøtte vil bli kunngjort under Nato-toppmøtet, etter gårsdagens kraftige luftangrep mot Ukraina.

Russia Ukraine War

REAGERER PÅ ANGREP: Joe Biden knyter løftet om ytterlegare luftforsvar til dei russiske angrepa mot ukrainske byar måndag.

Foto: Anton Shtuka / AP

– Ei forferdeleg påminning om Russland sin brutalitet, seier Joe Biden om dei russiske luftangrepa mot fleire ukrainske byar.

Tysdag melder ukrainske styresmakter at 41 sivile er drepne, og 166 skadde, i dei råka områda. NRK var like i nærleiken då ein missil slo ned i Kyiv. Russland meiner det var ein ukrainsk luftvernmissil som trefte sjukehuset.

– Det er nødvendig å skyte ned russiske missil. Det er nødvendig å øydelegge dei russiske kampflya på basane, seier president Volodymyr Zelenskyj før Nato-toppmøtet.

Dette blir halde i Washington, USA, og varar fram til torsdag. Den amerikanske presidenten har lova ei kunngjering om luftvernstøtte i løpet av desse dagane.

Redningspersonell på ruinane av sjukehus i Kyiv

Arbeidet med å rydde i ruinane av barnesjukehuset held fram tysdag.

Foto: ROMAN PILIPEY / AFP

Frå Noreg deltek statsministeren, utanriksministeren og forsvarsministeren saman med ein delegasjon frå Stortinget.

Ifølge avtroppande Nato-sjef Jens Stoltenberg står tre saker på toppen av agendaen: styrking av alliansen si forsvarsevne, dei globale partnarskapa, og støtta til Ukraina.

– Det kjem ingen medlemskapsinvitasjon til Ukraina på dette møtet, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram til NRK.

– Men det er ingen tvil om at det er lagt eit løp som gjer at Ukraina skal kunne bli medlem av Nato i framtida.

Les også Russiske angrep mot Kyiv på høylys dag

0JMn8PP0IgY

Ny diskusjon om ukrainsk Nato-medlemskap

Sentralt i alt dette er spørsmålet: kor langt skal Nato gå i å love Ukraina medlemskap i alliansen, utan å sende ein formell invitasjon?

Dei siste vekene har det blitt kjempa hardt mellom Nato-landa om ordlyden i toppmøtet si slutterklæring.

Ukraina har ønska seg bindande formuleringar, medan blant andre USA og Tyskland har stått på bremsepedalen.

Switzerland Ukraine

Ruslan Stefantsjuk (i midten) seier det er meir enn berre språket Nato bruker som er viktig for at Ukraina skal bli medlem.

Foto: Alessandro della Valle / AP

– Det er ei bru til medlemskap på lang sikt, seier utanriksminister Espen Barth Eide til NRK.

– Alle som trur at Nato kan bli utslite av Ukraina tek feil. Nato er klar til å støtte Ukraina så lenge det trengst.

Men Ruslan Stefantsjuk, som leiar den ukrainske nasjonalforsamlinga, etterlyste måndag at medlemskapet ikkje berre handlar om ord, men også handling.

Les også Lege på barnesjukehuset i Kyiv: – Eg har ikkje ord

Lege Darina Konioshenko i Kyiv

Dei fleste har nådd to-prosentmålet

– Det er viktig at dei aller fleste europearane kan kome hit og seie at dei har nådd to-prosentmålet, seier Eide vidare.

Han viser med dette til målet om at alle Nato-land skal bruke 2 prosent av sitt Bruttonasjonalprodukt på forsvar.

– Så er det viktig at vi får fram at eit godt samarbeid mellom USA og EU er bra for alliansen.

Utenriksminister Eide og forsvarsminister Gram i USA

Espen Barth Eide og Bjørn Arild Gram på Nato-toppmøtet i USA.

Foto: Anders Tvegård / NRK

Gram legger til at Nato vil ta over oppgåver som USA har hatt.

– Det ligg an til på dette toppmøtet at Nato vil ta ei sterkare koordinerande rolle i støtta til Ukraina, nettopp fordi det er så viktig for oss alle.

– Vi står i ei konflikt som varar og rekk. Det er viktig at vi har rammer for støtta, og system som gjer at vi kan støtte Ukraina så lenge det er behov for det.

Russland melder om angrep mot infrastruktur

Ukrainske dronar har angripe energiinfrastruktur og eit oljelager i to russiske regionar, melder russiske styresmakter tysdag morgon.

Guvernør Andrej Botsjarov i Volgograd-regionen seier at russisk luftvern og elektronisk krigføring blei tekne i bruk for å stoppe dronane der.

– Som følge av fallande vrakrestar frå dronar, braut det ut brann på ein transformatorstasjon i Frolovo og eit oljelager i Kalatsj-na-Donu, seier han i eit utsegn.

Russland melder om ukrainske angrep mot desse områda natt til tysdag.

Tidlegare natt til tysdag meldte guvernør Vasilij Golubev i Rostov-regionen at ein av deira transformatorstasjonar stod i brann etter eit ukrainsk angrep i Rodionovo-Nesvejtajskaja.

Han hevdar at luftvernet lukkast i å øydelegge fleire titals dronar.

Flyplassane Astrakhan og Volgograd har også kansellert fleire av

Ukrainske styresmakter har ikkje kommentert utsegna tidleg tysdag morgon.

SISTE NYTT

Siste nytt