Pakistanske styresmakter seier det er uklart om brannen var eit resultat av eit angrep, men ein lokal butikkeigar seier han høyrde ein kraftig eksplosjon då brannen starta.
Dette skjedde medan tankbilane stod fast i rushtrafikken i Peshawar i det nordvestlege Pakistan. Brannen starta i ein av bilane, men spreidde seg raskt til fleire andre tankbilar og mange andre køyretøy.
Det er ikkje meldt om omkomne etter brannen, men fleire menneske vart sende til sjukehus med til dels alvorlege skadar.
Tankbilar på veg til Afghanistan har vore eit ynda mål for islamistiske opprørarar i grenseområdet mellom Pakistan og Afghanistan
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: