NATO-soldatar såra i ny Kosovo-uro

Fleire tyske NATO-soldatar vart skotne og såra i harde samanstøytar med Kosovo-serbarar i det nordlege Kosovo i dag.

Harde samanstøytar melom tyske NATO-soldatar og Kosovo-serbarar.

To NATO-soldatar vart skotne og såra i uroa i det nordlege Kosovo i dag.

Foto: STRINGER / Reuters

Rasande serbarar gjekk til angrep på NATO-soldatane då dei starta arbeidet med å fjerne vegsperringar i Zupce på vegen mellom Mitrovica og Brnjak, som Kosovo-serbarar sette opp i juli i år.

Dei bygde vegsperringane då den albanskdominerte regjeringa i Kosovo sende grensepoliti til det hovudsakleg serbiske Nord-Kosovo.

Skytevåpen og brannbomber

Serbiske aktivistar angreip NATO-soldatar med kjeppar.

Dei serbiske aktivistane brukte kjeppar mot NATO-soldatane i Zupce måndag.

Foto: STRINGER / Reuters

– Demonstrantane skaut med lette våpen mot KFOR-styrken, og to NATO-soldatar vart såra. Tilstanden deira er uklar, sa KFOR-talsmann Dan Harvey ved 17.30-tida. Det er seinare opplyst at tilstanden deira ikkje er livstruande.

Han a til at uroa i området ikkje er over, og at dei serbiske demonstrantane framleis brukar lette våpen mot NATO-styrken, og det blir også kasta steinar mot soldatane. Soldatane svarar med tåregass, gummikuler og vasskanonar.

I kveld blir det meldt at situasjonen er svært spent, og at det tidvis er samanstøytar mellom NATO-soldatar og serbiske aktivistar. Serbarane har kasta fyrverkeri og brannbomber mot soldatane, og ikkje stadfesta meldingar går ut på at fleire NATO-soldatar er såra.

Ein journalist frå det franske nyheitsbyrået AFP, som er på staden, stadfestar at det i dag vart brukt tåregass mot ei gruppe på mellom 400 og 500 serbarar. Reuters snakkar om fleire tusen demonstrantar.

Vanskeleg for Serbia

Fleire av dei serbiske aktivistane er også skadde i uroa, opplyser direktøren ved sjukehuset i den delte byen Mitrovica, Milan Jakovljevic.

Harde samanstøytar mellom NATO-soldatar og etniske serbarar i Kosovo.

Det var harde samanstøytar like ved byen Jagjenica i det nordlege Kosovo.

Foto: STRINGER / Reuters

Vestlege diplomatar seier til nyheitsbyrået Reuters at den nye uroa i Kosovo kan kome til å gjere det vanskeleg for Serbia å få offisiell status som kandidat til å bli ny medlem i EU på EU-toppmøtet 9. desember.

Den pro-vestlege presidenten i Serbia, Boris Tadic, ber begge partar om å stanse valdsbruken, og han ber styresmaktene i den serbiske delen av Kosovo om å stanse ekstremistane i deira eigne rekkjer. Han ber også om at vegsperringane blir fjerna, slik at det blir mogleg å reise fritt i Kosovo.

Sist veke vart 21 NATO-soldatar såra i liknande uro. Også tidlegare i haust var det harde samanstøytar .

Serbisk minoritet

90 prosent av dei 1,7 millionar innbyggjarane i Kosovo er etniske albanarar. Ei gruppe etniske serbarar held stand i den nordlege delen av landet, og dei nektar å godta at Kosovo har erklært seg som ein sjølvstendig stat. Dei meiner at Kosovo høyrer til Serbia.

Serbia miste kontrollen over Kosovo i 1999, då NATO starta intensiv bombing av mål i Serbia. Dette vart gjort for å stanse det som vart kalla etnisk reinsing av albanarar av serbiske styresmakter.

Over 80 land, blant dei Noreg, USA og 22 av dei 27 medlemslanda i EU, har godkjent Kosovo som sjølvstendig stat.

Etniske albanarar markerte den albanske flaggdagen lenger sør i Kosovo i dag.

Etniske albanarar markerte den albanske flaggdagen lenger sør i Kosovo måndag.

Foto: SASA DJORDJEVIC / Afp

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt