NRK Meny
Normal

NATO-soldatar og sivile drepne i Afghanistan

To NATO-soldatar og fem sivile afghanarar er drepne i ulike åtak i Afghanistan, ifølgje tenestemenn.

NATO-soldat

Fleire NATO-soldatar og sivile blei drepne i fleire ulike åtak i Afghanistan i helga. Illustrasjonsfoto.

Foto: FINBARR O'REILLY / Reuters Creative

To av dei utanlandske soldatane blei drepne av ei vegbombe aust i Afghanistan tidleg i dag, opplyser kjelder i den internasjonale styrka.

Ein annan soldat blei drepen av opprørarar laurdag, også dette skjedde aust i landet. Nasjonaliteten til dei drepne er framleis ikkje kjent, heller ikkje nøyaktig kvar åtaka skjedde.

NATO-tankbiler angrepet i Afghanistan

TANKBILAR: Onsdag denne veka blei tankbilar på veg med drivstoff til NATO-styrkar totalskadde i bombeåtak.

Foto: Javed Basharat / Ap

I tillegg blei fem sivile personar som jobba på ein NATO-base i provinsen Wardak, bortført og drepen av Taliban-opprørarar laurdag kveld, opplyser ein talsmann for guvernøren i provnisen.

I alt blei seks menneske tekne til fange, men den eine skal ha klart å rømme.

Onsdag blei 22 tankbilar totalskadde etter eit bombeåtak. Bilane var på veg med drivstoff til NATO-styrkane nord i Afghanistan.

LES: 22 NATO-tankbilar opp i flammar

Taliban har teke på seg ansvaret for eksplosjonen av tankbilane, som skal ha blitt utløyst av ei magnetisk bombe som var festa til ein av bilane.

Taliban har førebels ikkje kommentert åtaka i helga som tok livet av to NATO-soldatar og fire sivile afghanarar.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt