NRK Meny
Normal

NATO-soldatar drepne i Afghanistan

To NATO-soldatar er drepne av bomber sør i Afghanistan. Til no i år er 128 utanlandske soldatar drepne i det krigsherja landet.

Britiske spesialstyrker i Afghanistan

Den 31. britiske soldaten er drepen i Afghanistan. Også ein annan utanlands soldat vart drepen av bomber i dag.

Foto: Arkivfoto: Arkivfoto: A. Hassan / Scanpix/Reuters

Dei to soldatane vart drepne av tu ulike bomber. Det britiske forsvarsdepartementet seier den eine av dei drepne, er ein av deira soldatar. Det er den 31. britiske soldaten som er drepen i Afghanistan i år.

Soldaten var på fotpaturulje i Sangin-distriktet då bomba gjekk av.

Ein talsmann for NATO stadfestar at den eine soldaten var brite, men vil ikkje opplyse kva land den andre kom frå, skriv nyheitsbyrået AFP.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt