Hopp til innhold

Stoltenberg i Kyiv: – Ukraina si framtid er i Nato

Nato-sjef Jens Stoltenberg overraska med besøk i Ukrainas hovudstad. På pressekonferansen med Zelenskyj opnar han opp for Nato-samtalar.

Stoltenberg og Zelenskyj i Ukraina

UANNONSERT: Nato-sjef Jens Stoltenberg handhelser med den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj under ein felles pressekonferanse i Kyiv torsdag. Besøket til den ukrainske hovudstaden var ikkje annonsert på førehand.

Foto: DIMITAR DILKOFF / AFP

Dette er første gong Stoltenberg er på besøk i landet sidan Russland gjekk til angrep i februar 2022.

Under besøket møtte han mellom andre Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj.

Dei to heldt ein felles pressekonferanse, der Stoltenberg annonserte at Ukrainas Nato-medlemskap vil bli diskutert på Nato-toppmøtet i juli.

– Ukraina si framtid er i Nato, alle allierte er einige om det, sa Nato-sjefen på pressekonferansen.

Han sa også ville diskutera militær støtte til Ukraina på møtet.

– Nato står ved dykk i dag, i morgon og for så lenge det er behov, sa Stoltenberg til den ukrainske presidenten.

Zelenskyj uttalte at det er på tide at Nato inviterer Ukraina med i forsvarsalliansen, og at dei ønska å vita når dei kunne bli medlem.

Presidenten er invitert til toppmøtet i sommar.

NATO Secretary-General Jens Stoltenberg visits Kyiv

Stoltenberg helsar på Ukrainske soldatar.

Foto: GLEB GARANICH / Reuters

Overraskande besøk

I løpet av besøket heidra Nato-sjefen falne soldatar på St. Mikaels plass i sentrum av Kyiv, og besøkte forstaden Butsja.

– Eg blei djupt rørt av kva eg såg der, sa Stoltenberg.

Han skal også ha helsa på soldatar.

Besøket var ikkje annonsert på førehand.

Nato-sjefen skulle eigentleg ha tatt imot den tsjekkiske presidenten, Petr Pavel i Nato sitt hovudkvarter i Brussel torsdag føremiddag.

NATO-sjefen i Ukraina

NATO-sjef Jens Stoltenberg held pressekonferanse saman med den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj i Ukraina torsdag.

Bilde viser også Stoltenberg som ser på det som av nyheitsbyrået Reuters blir skildra som øydelagt russisk militærmateriell.

– Viktig å vise støtte

Ukraina kjem truleg til å starte ein større militær offensiv i løpet av nokre veker.

Våroffensiven vil vere avgjerande for utviklinga i krigen vidare, om russarane blir pressa ut, eller om det blir ein langvarig og fastlåst konflikt.

– Natos generalsekretær har truleg eit behov for å vise støtte til styresmaktene i Kyiv, og kanskje også bidra til å styrke kampmoralen før den varsla våroffensiven. Så har jo president Vladimir Putin nyleg vore på besøk i Aust-Ukraina, så dette er handlar om å vise at Ukraina har sterk vestleg støtte.

NATO Secretary-General Jens Stoltenberg visits Kyiv

Stoltenberg observerer det som visstnok skal vere øydelagt russisk militærutstyr.

Foto: GLEB GARANICH / Reuters

Det seier seniorforskar i Nupi, Julie Wilhelmsen.

– Kor viktig er dette besøket for Ukraina?

– Både våpenhjelp og moralsk støtte frå Vesten er svært viktig. Utfordringa her er at president Volodymyr Zelenskyj sitt uttalte mål om å ta tilbake Krim-halvøya truleg ikkje er eit mål som vestlege statar og Nato er villige til å hjelpe han med å nå.

Julie Wilhelmsen

Seniorforskar Julie Wilhelmsen.

Foto: Christopher Olssøn

På fredag skal Nato-sjefen etter planen delta i eit møte med den såkalla kontaktgruppa for Ukraina. Dette er ei samling frå 50 land som skal hjelpe landet med militært utstyr.

Møtet skal etter planen finne stad på Ramstein-basen utanfor Kaiserslautern i Tyskland.

Les også Ukrainas militæroffensiv: – Vil avgjøre hvilken retning krigen vil ta

Ukrainske soldater

SISTE NYTT

Siste nytt