Hopp til innhold

NATO krev fangar og skip fri

Generalsekretær i NATO, Anders Fogh Rasmussen, ber Israel sleppe fri alle fangar og skip etter kapringa av Gaza-konvoien i går.

Anders Fogh Rasmussen

NATO-generalsekretær Anders Fogh Rasmussen på plass på eit møte i Riga 1. juni.

Foto: ILMARS ZNOTINS / Afp

– Som eit hastetiltak, ber eg om at alle fangar og skip som er halde av Israel, blir sleppte fri straks, seier Fogh Rasmussen ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Han ber også om at FN og EU gjennomfører ei rask, uavhengig, truverdig og open etterforsking av hendinga.

Tenker på familiane

Han legg til at han har medkjensle med dei som er involverte.

– Eg vil uttrykke mi største medkjensle over tapet av liv og andre forulykka etter maktbruken mot dei som var uskuldig involverte på hjelpekonvoien som segla mot Gaza. Eg kondolerer familiane til alle ofra og fordømmer handlingane som har ført til denne tragedien, seier han i ei fråsegn.

Krisemøte i NATO

Det var Tyrkia som i går bad om eit krisemøte i NATO. Minst fire tyrkarar vart drepne i angrepet, ifølgje ein tyrkisk diplomat.

– Israelske myndigheiter har informert oss om at ni menneske vart drepne. Til no har vi slått fast at fire av dei er tyrkarar, seier den anonyme diplomaten ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Kan vere fleire drepne

Identiteten til dei drepne er ikkje gjort offentleg. Talet på drepne kan auke så lenge identifiseringsarbeidet framleis pågår, opplyser diplomaten.

Ifølgje helsepersonell er tre av dei drepne palestinarar.

SISTE NYTT

Siste nytt