I kveld kom dei første NATO-soldatane som skal styrkje nærværet til KFOR i Kosovo til provinsen frå Bosnia. Fleire soldatar vil kome i morgon.
Tidlegare i dag sa Storbritannia at landet ville sende 750 soldatar til Kosovo, etter uroa der dei siste par dagane. NATO-styrkane, der Noreg har rundt 250 soldatar, har fått ordre om å bruke makt for å stanse samanstøytane.
Fleire tusen kosovoalbanarar på veg mot ei KFOR-stilling utanfor Pristina i dag. (Foto: AP/Scanpix)
Ein ung albanar kastar stein mot KFOR-soldatar i utkanten av Pristina. (Foto: AP/Scanpix)
KFOR
Seinare i dag sa ein offisiell talsmann at NATO skal sende 1000 soldatar til Kosovo, og at det ikkje er planar på det noverande tidspunkt om å sende fleire. I dag er det 17.000 NATO-soldatar i Kosovo.
35 NATO-soldatar i NATOs multinasjonale styrke KFOR er skadde i Kosovo dei siste par dagane. Fleire norske soldatar har fått lettare skadar i samanstøytane.
Uroa i Kosovo har halde fram i dag. Fleire stader har albanarar sett fyr på serbiske hus og kyrkjer. Valden har no spreidd seg til heile Kosovo, KFOR-styrken har avfyrt tåregass mot rasande albanarar, utan at det ser ut til å ha roa ned situasjonen.
Hittil er 31 menneske drepne og over 500 skadde i uroa, som starta i den delte byen Mitrovica i går. Albanarar var i harnisk etter at tre unge albanarar drukna i ei elv. Dei skal ha blitt jaga av ein serbisk mobb.
Vil ha våpen
Serbarar i det sentrale Kosovo appellerte i dag til KFOR-styrken om å¨få våpen til å forsvare seg med.
- Det er ikkje serbarar att i Obilic. Gatene i Cerska står i brann, seier ein lokal serbar, Mirce Jakoljevic, til radiostasjonen B92 i Beograd. Han fortel at dei 15 husa til dei serbiske familiane i ein liten by utanfor Pristina no står i brann.
Det er ingen KFOR-soldatar her, berre nokre få FN-politifolk til å takle dei albanske gjengane som herjar området.
- Eg ber serbiske styresmakter å leggje maksismalt press på KFOR for å gi oss våpen, slik at vi kan forsvare oss. Vi har ikkje nokon stad å reise til, sa mannen på direkten til B92.
Brennande serbisk-ortodokse kyrkjebygg står i brann over heile Kosovo. (Foto: Reuters/scanpix)
Kostunica
Serbias statsminister Vojislav Kostunica sa i dag at valden i Kosovo var godt planlagd og koordinert av albanarane, som del av ein plan for etnisk reinsing av serbarane i provinsen.
Kostunica kritiserte også både FN sin MINUK-styrke og NATOs fredsstyrke KFOR for å ha gjort for lite for å stanse valden i Kosovo. Fleire titals ortodokse kyrkjer og serbiske hus er sette fyr på i går og i dag.
I Beograd har det vore demonstrasjonar til støtte for serbarane i Kosovo, og her har demonstrantane sett fyr på ein moske.
Hendingane i Kosovo har ført til sinne blant serbarane. Det har vore demonstrasjonar både i Beograd og nær grensa til Kosovo. Fleire tusen menneske har delteke i demonstrasjonane, som stort sett har gått fredeleg føre seg.
Men plakatane som vart borne viste tydeleg korleis serbarane ser på det som no skjer i Kosovo. "Albansk terrorisme", "Serbiske heimar og kyrkjer i brann", "Kosovo i blod", og "Serbia vakn opp!" var nokre slagorda på plakatane til demonstrantane. Statsminister Kostunica gjekk sjølv i spissen for eit av demonstrasjonstoga.
Det var store demonstrasjonar mot det som skjer i Kosovo i Beograd i dag. (Foto: AFP/Scanpix)