Hopp til innhold

NATO avviser drap på sivile i Libya

NATO avviser påstandar frå Gaddafi-regimet i Libya om at 15 sivile vart drepne i eit angrep mot byen Brega.

Bombing i utkanten av Tripoli.

Nye angrep mot Tripoli-området i ettermiddag.

Foto: MAHMUD TURKIA / Afp

Samstundes held NATO fram angrepa mot hovudstaden Tripoli i dag. I ettermiddag er det meldt om tre kraftige eksplosjonar i drabantbyen Tajura, der det er fleire militære installasjonar. Skyer av røyk stig opp frå området, som biletet over viser.

- Den kolonistiske korsfararen

Demonstrasjon mot Gaddafi-regimet i Benghazi

Skuleungdomar demonstrerte iBenghazi i dag mot Gaddafi-regimet, og for å få byrje på skulen igjen.

Foto: Hassan Ammar / Ap

- Den kolonistiske korsfararen, den atlantiske koalisjonen, har bomba sivile mål, blant dei eit bakeri og ein restaurant i Brega. 15 menneske vart martyrar og over 20 vart såra, heitte det i ei melding på libysk fjernsyn i dag.

Det gjekk ikkje klart fram av innslaget når angrepet skal ha skjedd, men det statlege nyheitsbyrået Jana seier at angrepet skjedde i dag, og at fem andre sivile vart drepne dagen før.

Det libyske fjernsynet skuldar NATO for brotsverk mot menneskeslekta, medan ein talsmann for NATO seier at dei berre har angripe militære mål.

Video - 15 sivile drept i Brega

VIDEO: - 15 sivile drept av NATO-bomber

LES OGSÅ: Slik foregår bombetoktene i Libya

LES OGSÅ: CIA-mannen som ble forsvarsdue

LES OGSÅ:

- Legitime militære mål

Vi har retta angrep mot bygnngar i eit aude område i Brega. Det var legitime, militære mål som vart trefte, seier talsmannen. Han seier at det også vart retta angrep mot militære køyrerøy.

Samstundes blir det meldt frå Libya at 17 av dei mest populære fotballspelarane i landet har erklært si støtte til opprørarane . Blant desse er fire landslagsspelarar og trenaren for Tripoli-klubben Al-Ahly.

I den opprørarhaldne byen Benghazi har det i dag vore store demonstrasjonar mot Gaddafi-regimet. Mange skuleungdomar deltok i demonstrasjonane, der eitt av krava var at situasjonen i landet må normaliserast slik at dei igjen få gå på skule.

Stor demonstrasjon i Banghazi i Libya.

Ungdomar i Benghazi krev at Gaddafi-regimet må gi opp.

Foto: Hassan Ammar / Ap

LES OGSÅ: Vil utstede arrestordre på Muammar Gaddafi

LES OGSÅ: Norge kan få storkontrakter i Libya

LES OGSÅ: Kritiserer Europa for fremmedhat

LES OGSÅ: Gaddafi lover fortsatt kamp mot «vestlige korsfarere»

LES OGSÅ: Libya-bombing har kostet britene 2,2 milliarder kroner

SISTE NYTT

Siste nytt