NRK Meny
Normal

Fordømmer dødeleg uro i Egypt

Nasjonalrådet i Egypt fordømmer uroa som har teke minst 39 menneskeliv dei siste to dagane.

Kairo, Egypt

Demonstrantar spring i dekning etter å ha kasta stein mot opprørspolitiet i Kairo laurdag.

Foto: MOHAMMED ABED / Afp

Laurdag ettermiddag steig dødstala frå 30 til 39. I tillegg er mange hundre såra i opptøyane som starta fredag, på toårsdagen for starten på revolusjonen som fjerna Hosni Mubarak frå makta etter 30 år med unntakslovar.

Bakgrunnen for opptøyane er sterk misnøye med den nye presidenten, Mohammed Morsi, og hans parti Den muslimske brorskapen.

Laurdag braut det dessutan ut nye valdelege protestar i landet, etter at 21 personar blei dømde til døden for den tragiske fotballuroa som kosta 74 menneske livet i Port Said for nesten eitt år sidan.

Dei egyptiske styresmaktene vurderer laurdag å erklæra unntakstilstand og innføra portforbod i område med opptøyar.

Opprørspolitiet i Kairo brukar laurdag tåregass mot demonstrantane. Minst 38 menneske er drepne i opptøyar fleire stader i landet dei to siste dagane.

Opprørspolitiet i Kairo brukar laurdag tåregass mot demonstrantane (Reuters).

Ber om fredeleg dialog

Minst ni personar blei drepne og 450 såra i demonstrasjonane mot presidenten fredag, medan minst 30 er drepne etter at fotballdommen blei lesen opp laurdag.

Uroa har no også spreidd seg til byen Suez.

Informasjonsminister Salah Abdel Maqsoud oppfordrar til ein breid nasjonal dialog for å få bukt med opptøyane, og rydda av banen den politiske usemja som har ridd landet etter den arabiske våren og valet av Mohammed Morsi som ny president.

Masqsoud seier det er viktig at dei oppnår semje om valmekanismane før egyptarane skal røysta over ny nasjonalforsamling.

Mange egyptiske borgarar er svært misnøgde med utviklinga i landet etter revolusjonen, og meiner dei nye politiske leiarane ikkje har innført reformane som var lova, ei styrkja dei demokratiske institusjonane.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt