Hopp til innhold

Nasa mangla romdrakter i kvinnestørrelse - droppar historisk romekspedisjon

Nasa sin plan om å sende to kvinner ut i verdsrommet for fyrste gong på same tid, har falt i grus. Grunn: Dei har ikkje romdrakter som passar.

Nasa astronauter

Nasa-astronautane Nick Hague, Christina Koch og Anne McClain.

Foto: Nasa

Det ville blitt ei historisk hending og planen var klar: Fredag skulle to kvinner legge ut på romtur i verdsrommet for fyrste gong.

Men så kom kontrameldinga frå Nasa. Dei har ikkje to romdrakter i riktig størrelse klare.

Dei to astronautane Anne McClain og Christina Koch treng begge romdrakt i størrelse medium.

Så langt har Nasa berre ei romdrakt i den størrelsen som er klar til bruk.

Dermed blir McClain, som allereie har vore ute i verdsrommet, bytt ut. Christina Koch får i staden følgje av sin mannlege kollega Nick Hague ut i verdsrommet komande fredag.

Oppgraderer straumkapasiteten

Nasa gjennomfører i desse dagar ein serie av romekspedisjonar til den internasjonale romstasjonen. Der jobbar dei med å oppgradere straumkapsiteten.

McClain gjennomførte sin fyrste romtur fredag i førre veke. I over seks timar var ho ute for å få gjere jobben.

Anne McClain

Anne McClain trudde ho trengte romdrakt i størrelse large, men etter sin fyrste tur ute på romstasjonen innsåg ho at størrelse medium ville passe henne betre.

Foto: HO / AFP

Entusiasmen og gleda over turen har ho delt villig vekk på Twitter.

Laster Twitter-innhold

Å få romdraktene til å passe kan vere ganske vanskeleg, skriv Space.com.

Årsaka er at kroppslengda til astronautane aukar når dei er vektlause. McClain tvitra om dette tidlegare i mars.

Laster Twitter-innhold

Tilfeldig at to kvinner skulle reist

På fredag skal det altså skje igjen. To astronautar vil gå utanfor romstasjonen for å jobbe vidare med straumkapasiteten. Der skal dei installere massive litiumbatteri som skal bidra til å drive forskingslaboratoriet.

Christina Hammock Koch

Christina Koch førebur tur ut til den internasjonale romstasjonen fredag.

Foto: KIRILL KUDRYAVTSEV / AFP

Ifølgje The New York Times var det tilfeldig at dei to kvinnene var sett opp på romtur saman.

Fyrst då dei diskuterte planane under eit møte, oppdaga dei at det låg an til å bli den fyrste ein kvinnelege romturen i historia.

Men slik blei det ikkje likevel. Begge dei to kvinnene har romturar i vente, men ikkje saman, i denne omgang.

Svetlana Savitskaya frå Sovjetunionen var den fyrst kvinna som var ute på romtur. Ifølgje The Guardian er det 35 år sidan.

Sidan den gongen har 500 vore ute i verdsrommet, men berre 11 % av dei har vore kvinner.

SISTE NYTT

Siste nytt