Hopp til innhold

Narkotikahund måtte flytte etter trugsmål

Den colombianske narkotikahunden Sombra måtte flytte etter at eit av dei store narkokartella i Colombia har lova ut skotpremie på henne.

Narkotikahunden Sombra

Schæferhunden Sombra måtte flytte til flyplassen i Bogotá etter at ein av dei mektigaste kriminelle organisasjonane i Colombia lova skotpremie på hunden.

Foto: Colombiansk narkotikapoliti

Den seks år gamle schæferhunden Sombra har vore med på over 300 operasjonar for det colombianske narkopolitiet. Tidlegare i år fann ho nesten ti tonn med kokain. Narkotikaen skal ha tilhøyrd Urabeños-kartellet.

No skal kartellet, som er ein av dei mektigaste kriminelle organisasjonane i Colombia, ha lova nesten 570.000 kroner (200 millionar peso) til den som klarer å ta livet av hunden, skriv BBC.

Hunden måtte difor flytte til den internasjonale flyplassen i Bogotá. I tillegg er vakthaldet rundt hunden styrka.

Arbeidde i viktig hamneby

Sombra arbeidde opphavleg i hamnebyen Turbo. Byen blir sett på som ein viktig by for frakte narkotika ut av Colombia til Mellom-Amerika og USA. Dei siste fem åra har arbeidet til Sombra ført til 245 arrestasjonar, skriv The Telegraph.

Narkotikahunden Sombra

Sombra er heidra for innsatsen ho har gjort for narkotikapolitiet i Colombia. Det er gjort nesten 250 arrestasjonar som på grunn av arbeidet ho har gjort.

Foto: Colombiansk politi

Etter at ho snuste seg fram til rekordbeslaget med nesten ti tonn kokain, flytta politiet henne til flyplassen i hovudstaden. Grunnen er at dette blir sett på ein tryggare stad som ligg utanfor dei områda Urabeños kontrollerer.

– Det at dei ønsker å skade Sombra, og lovar ei så høg utbetaling til dei som fangar eller tek livet av henne, viser kva innverknad ho har på inntektene deira, seier ein talsperson for politiet til The Telegraph.

Mektig gjeng

Urabeños, som også er kjent som Gulfklanen, blir sett på som den mektigaste kriminelle organisasjonane i Colombia. Dei kontrollerer store delar av narkotikatrafikken ut av landet. Leiaren deira, Dairo Antonio Úsuga, er ein av dei mest etterlyste personane i landet.

Det er ikkje første gong dei tilbyr pengar for å bli kvitt dei som står i vegen for verksemda deira. I 2012 lova dei å betale om lag 4000 kroner for kvar politi som blei skoten, om han eller ho tilhøyrde narkotikapolitiet, skriv BBC.

Colombia er ein av dei største produsentane av kokain, ifølge amerikanske styresmakter.

Narkotikahunen Sombra

Narkotikahunden Sombra er ein kjent hund i Colombia, og er populær blant barn. Ho er ikkje like populær blant dei kriminelle nettverka i landet, som har tapt store pengesummar på arbeidet ho har gjort.

Foto: Colombiansk politi

SISTE NYTT

Siste nytt