Hopp til innhold

Redningsarbeidarar når ikkje fram til flaumramma i Kashmir

Redningsarbeidarar har store problem med å nå fram til over 200.000 menneske som er vore isolerte som følgje av ein øydeleggjande flaum i den indiske delen av Kashmir.

Flaum i Srinagar i indisk Kashmir.

Øydeleggingane i Srinagar er enorme etter den verste flaumen på over 100 år.

Foto: Dar Yasin / Ap

Flaumvatnet er no i ferd med å trekkje seg tilbake, og det gjer at øydeleggingane blir meir og meir synlege. Den til vanleg svært vakre hovudstaden i den indiske delen av Kashmir, Srinagar, har bokstaveleg tala vore heilt under vatn.

No er store delar av byen ikkje til å kjenne igjen. Flaumen er den verste i området på over 100 år.

Flaum i den indiske delen av Kashmir.

Indiske soldatar tek seg gjennom gatene i Srinagar med gummibåt.

Foto: Altaf Qadri / Ap

Ein journalist frå nyheitsbyrået AFP fortel at det luktar død i byen. Store mengder dyrekadaver ligg spreidde rundt i gatene, og det er frykt for at smittsame sjukdomar kan spreie seg.

Båtar og helikopter

– Dette er ikkje nokon flaum, det er ein tsunami, seier Mehraj-Ud-Din Shah, leiar for Katastrofeberedskapen i den indiske delen av Kashmir.

Soldatar og redningsarbeidarar brukar båtar og helikopter for å få delt ut mat og medisinar. Folk sit på hustak og ropar og viftar med armane for å gjere redningsarbeidarane merksame på at dei er der.

Det kraftige monsunregnet, den etterfølgjande flaumen og dei mange jordskreda har gjort at 480 menneske har mist livet i den indiske og den pakistanske delen av Kashmir dei siste par vekene.

TV-bilete viser at heile landsbyar er fullstendig øydelagde fleire stader. Fleire demningar har vorte knuste av dei enorme vassmengdene, og vatnet har sveipa med seg alt som har vore i vegen.

Reportasje frå Kveldsnytt 14/9.

VIDEO: Dramatisk for mange i Kashmir.

LES OGSÅ: Bryllupsgjester omkom i flom-ulykke

LES OGSÅ: – Prioriterer kvinner og barn i redningsarbeidet

Reagerer med sinne

På den indiske sida av grensa har mange heimlause reagert med sinne på det meiner er altfor treigt hjelpearbeid. Nokre redningsarbeidarar har vorte angripne av rasande.

– Mine menn har vorte banka opp, dei har pepra båtane våre med stein. Når folk er desperate kan dei gjere kva som helst. Dei meiner styresmaktene ikkje gjer noko for å hjelpe dei, seier Mehraj-Ud-Din Shah til AFP.

Tenestemenn i både India og Pakistan seier at det er altfor tidleg å slå fast det endelege omfanget av denne katastrofen. Det er frykt for at talet på omkomne kan stige. Mange vegar er framleis uframkomelege, og redningsmannskapa har store problem med å kome fram til dei mange isolerte.

Flaum i Srinagar i indisk Kashmir.

Styresmaktene har ikkje oversikt over kor mange som er heimlause etter flaumen, men det er ingen tvil om at talet er høgt.

Foto: Altaf Qadri / Ap

– Gret både natt og dag

Det er oppretta leirar for heimlause etter flaumen fleire stader både på den indiske og den pakistanske sida av grensa.

– Borna får ikkje mjølk og dei gret både natt og dag. Vi får ris, men born treng brød og ris, seier ei fortvilt mor, Fizza Mai (45).

SISTE NYTT

Siste nytt