Hopp til innhold

Når familien i gata er russiske spionar

Maria Mayer og Ludwig Gisch gjekk frå å vere ein heilt normal argentinsk familie i Slovenia til å vere russiske spionar. Sjølv ikkje borna deira visste at dei var russiske.

President Putin tok i mot dei russiske fangane

PÅ RUSSISK JORD: Familien på fire møtte Putin då dei landa i Moskva etter fangeutvekslinga med Vesten. Her har ungane nettopp fått vite at dei er russiske.

Foto: Kirill Zykov / Reuters

Dei blir lært opp i årevis til å vere nokon andre. Deretter blir dei sendt til utlandet for å samle etterretningsinformasjon.

No er to russiske illegale, og familien deira, del av den største fangeutvekslinga sidan den kalde krigen. Dei stod bak den hemmelegaste etterretningsoperasjonen i Slovenia i nyare tid.

Heilt normal familie

Året er 2017. Ekteparet Maria Mayer og Ludwig Gisch frå Argentina busett seg i Slovenia saman med sine to born. Dei vil vekk frå kriminaliteten i heimlandet og leve eit tryggare liv i Europa.

Familien flyttar inn i eit hus i Črnuče, ein roleg forstad utanfor hovudstaden Ljubljana.

Ludwig driv eit nyoppstarta IT-selskap, medan Maria har eit digitalt kunstgalleri.

Borna går på ein internasjonal skule i hovudstaden.

Frå utsida verkar dei som ein heilt normal familie.

Få år seinare skal det vise seg at det heile er eit skalkeskjul.

Huset i Slovenia der dei russiske spionane budde

Det var i dette huset i Črnuče familien budde.

Foto: Darko Bandic / AP

Sjokkbeskjeden

Ein vinterdag i 2022 kjem sjokkbeskjeden.

Ekteparet blir arresterte, skulda for å vere russiske spionar som nyttar falsk argentinsk identitet.

Saka blir sett på som den hemmelegaste og mest velkoordinerte politi- og etterretningsoperasjonen i nyare tid i Slovenia, skriv The Guardian.

Naboar nektar å tru på det dei får høyre.

– Ho var ei grå mus. Eg trur ikkje ho kunne ha vore spion, seier kjenningar av paret til den britiske avisa.

Russiske spionar

Ein domstol i Slovenia dømmer ekteparet for å spionere på EU- og Nato-land under falsk, argentinsk identitet.

Det viser seg at paret eigentleg er dei russiske spionane Artem Dultsev og Anna Dultseva. Dei jobbar for russisk etterretning og nyttar falsk identitet for å innhente informasjon.

Dei har lang trening på å utgje seg som utlendingar med dekkhistorie.

31. juli i år seier ekteparet seg skuldige i spionasje og dokumentforfalsking, ifølge Tingretten i Ljubljana.

Domstolen i Slovenia

Rettsbygningen der ekteparet blei dømt for spionasje 31. juli i år.

Foto: Darko Bandic / AP

Dette skjer berre ein dag før den største fangeutvekslinga sidan den kalde krigen.

Dei russiske spionane blir viktige forhandlingskort for Vesten og bidreg til fortgang i forhandlingane med russarane. Det blir klart at heile familien på fire skal vere ein del av utvekslinga.

Les også Historisk fangeutveksling: Dette er fangane

Russia US Prisoners Combo

Ungar i uvisse

Dei to unge borna, ein gut og ei jente, fekk ikkje vite at dei var russiske før dei gjekk om bord på flyet frå Ankara til Moskva på torsdag, opplyser Kreml.

– Før den tid visste dei ikkje at dei var russiske eller at dei hadde noko som helst med Russland å gjere, seier talsperson Dmitrij Peskov.

Då familien landa på russisk jord, blei dei møtt av president Vladimir Putin som ynska dei velkommen på spansk. Borna visste ikkje kven som helste på dei på veg ned flytrappa.

President Putin tok imot russarane då dei kom til Moskva

Vesten bytta åtte russiske og belarusiske fangar mot 16 vestlege og opposisjonelle russarar.

Foto: Mikhail Voskresensky / Reuters

Dmitrij Peskov stadfestar fredag at paret er illegale. Det vil seie hemmelege agentar som bur i utlandet i årevis under falsk identitet, og som sender etterretningsinformasjon heim.

Det er ikkje uvanleg for illegale å ha born som ikkje kjenner til den ekte identiteten til foreldra.

– Det er slik dei illegale jobbar. Dei gjer slike ofringar ut av dedikasjon for jobben, seier talspersonen.

Les også Russiske fangar tatt imot med blomster og klemmar av Putin

Dette bildet publisert av Det hvite hus viser Evan Gershkovich, venstre, Alsu Kurmasheva, høyre, og Paul Whelan, nest fra høyre, og andre ombord på et fly, torsdag 1. august 2024, etter at de ble løslatt fra russisk fangenskap.

Blende inn i mengda

– Ein spion må vere ein skodespelar, men ein skodespelar som ikkje treng eit publikum, ein scene eller anerkjenning frå andre, sa Elena Vavilova til The Guardian.

Vavilova jobba som illegal russisk agent i Canada i over 20 år.

Ifølge ho må den perfekte spion blende inn i mengda, ikkje søke merksemd eller trenge ekstern anerkjenning.

SISTE NYTT

Siste meldinger