Hopp til innhold

Nåler i bananen – eittåring til sjukehus

Eitt år gamle Bianca vart sendt til akuttmottaket ved sjukehuset i Eskilstuna etter å ha ete ein banan som viste seg å innehalde nåler.

Elin Gabrielson + banan med nål i.

Elin Gabrielson er sjokkert etter funnet av nåler i bananen dottera Bianca åt av.

Foto: Privat

Mamma Elin Gabrielson fortel til SVT at det skjedde tidlegare denne veka, då mannen hennar henta Bianca i barnehagen. I bilen på veg heim gav han henne ein banan, som han hadde kjøpt i ein butikk like ved.

– Etter å ha fått i seg litt av bananen byrjar ho plutseleg å skrike, seier ho.

Nåler i bananen

Då pappaen kikar nærmare på bananen oppdagar han at det stikk nåler ut. Då stikk han fingrane inn i munnen på den vesle jenta for å sjå om ho har noko i munnen, men då hadde ho alt svelgt.

Nåler i banan.

Det er uklart kven som har putta nålene inn i bananen, eller om det er gjort også med andre bananar.

Foto: SVT

Etter ein samtale med naudtelefonen køyrer ekteparet til akuttmottaket med Bianca. Etter nokre timar med grundige undersøkingar blir det slått fast at barnet ikkje er skadd. Foreldra blir likevel rådde til å halde henne under ekstra oppsikt.

I dag er jenta i god form igjen.

Bananen vart kjøpt i ein Coop-butikk på Sveaplan i Eskilstuna. Butikken har no fjerna alle bananane frå dette partiet. Det er uklart korleis nålene hamna inne i bananen, men Coop har starta ein intern undersøking om kva som kan ha skjedd. Samstundes er saka meldt til politiet.

– Det er heilt forferdeleg. Eg visste ikkje kva eg skulle gjere, den jenta er heile livet vårt, seier Elin Gabrielson til SVT.

Nåler i jordbær i Australia

I Brisbane i Australia vart ei 50 år gammal kvinne nyleg arrestert etter at det vart avslørt at ho hadde putta nåler inn i frukt i butikkar, spesielt i jordbær. Frå midten av september vart det funne over hundre synåler i frukt , og minst ein person måtte til sjukehus etter å ha fått i seg nåler.

Hendinga fekk alvorlege konsekvensar for landbruket og varehandelen i Australia, som enda opp med å måtte kaste store mengder frukt som vart liggjande att i butikkane. Folk slutta nærmast med å kjøpe frukt av frykt for sabotasje.

Svensk politi fryktar at det kan vere nokon som prøver å kopiere det som har skjedd i Australia. Politiet i Brisbane uttrykte også stor frykt for at andre kunne prøve å etterape jordbær-sabotasjen .

SISTE NYTT

Siste nytt