Hopp til innhold

Økonomisk krise og dyrevernarar truar San Fermin-festivalen

Aggressive dyrevernarar og ei djup økonomisk krise truar med å leggje ein sterk dempar på den tradisjonelle San Fermin-festivalen i Pamplona.

Aksjon mot tyrefekting i Pamplona

Halvnakne demonstrantar på rådhusplassen i Pamplona formar slagord mot tyrefekting.

Foto: RAFA RIVAS / Afp

San Fermin på nett: www.sanfermin.com/index.php/en/sf12/5julio

San Fermin-festivalen, udødeleggjort og gjort verdskjend i Ernest Hemingway-romanen «Og solen går sin gang» (The Sun also Rises), har blitt feira i Pamplona sidan middelalderen. Opprinneleg var det ein fest til ære for byen sin skytsengel, San Fermin.

Utsnitt frå dyrevernaksjon i Pamplona.

Slik forma demonstrantane bokstavar på rådhusplassen i Pamplona.

Foto: RAFA RIVAS / Afp

Seinare har festivalen blitt mest kjend for okseløpa kvar morgon under festivalen, der i hovudsak unge menn, og menn som gjerne vil vere unge, spring gjennom trange gater framfor velvaksne oksar.

Skadar og dødsfall

Kvart år blir mange menneske skadde under okseløpet, fordi dei kjem under dei trampande oksane eller blir spidda på eit horn. År om anna er det også dødsfall.

Okseløpet går inn mot tyrefektarstadion, der oksane blir viste fram før tyrefektingane om kvelden. I hovudsak handlar festivalen om meir eller mindre sanselaus fyll, okseløp og tyrefekting, og synging av dei gamle songane til ære for San Fermin til alle døgnets tider.

At festivalen også er ein fest for lokal baskisk folkemusikk og forklore, får atskilleg mindre merksemd.

Dyrevernaksjon i Pamplona.

Nysgjerrige tilskodarar ser på ein kvinneleg demonstrant på rådhusplassen i Pamplona.

Foto: SUSANA VERA / Reuters

Protesterer mot tyrefekting

Drama under San Fermin-festivalen i 2011.

Dramatikk under okseløpet i Pamplona i juli i fjor.

Foto: SUSANA VERA / Reuters

Siste dagen før festivalopninga klokka 12 fredag var prega av dyrevernaktivistar, som protesterer mot det dei meiner er dyremishandling. Dei protesterer både mot okseløpet om morgonen og mot tyrefekting generelt.

Dei nakne og halvnakne aktivistane, innsmurde med måling og teaterblod, la seg ned på rådshusplassen og forma menneskelege bokstavar som blei til «Stop bullfights», på norsk «Stans tyrefektingar».

Det blir fleire og fleire dyrevernarar for kvart år, og dei har som uttalt mål å stanse all tyrefekting, ikkje berre i Pamplona, men i heile Spania. Dei brukar sterke verkemiddel.

500.000 tilreisande

Torsdag okkuperte dyrevernarane heile området framfor rådhuset i byen, der den offisielle opninga av festivalen skjer fredag. Men politiet i Pamplona vil nok sørgje for å halde dei langt unna rådshusplassen når opningsraketten blir avfyrt fredag.

Borgarmeisteren i Pamplona, Enrique Maya, reknar med at det kjem rundt ein halv million tilreisande til byen til festivalen i år, om lag like mange som i fjor. Det er rundt 200. 000 fastbuande i Pamplona.

Men ikkje alle er like optimistiske. Reiselivsnæringa reknar med ein nedgang i talet på tilreisande på rundt 10 prosent på grunn av den alvorlege økonomiske krisa i Spania. Arbeidsløysa i landet er no på 24.4 prosent.

LES OGSÅ: 11 skadde på to minuttar

LES OGSÅ: På livet laus i Pamplona

LES OGSÅ: Mener norske kjendiser promoterer dyremishandling

Økonomisk krise

- Hotella er fulle i opningshelga, men frå og med måndag er berre 70 prosent av kapasiteten fylt opp, seier generalsekretær for reseilivslaget i Pamplona, Nacho Calvo, til det franske nyheitsbyrået AFP. Han seier at tilreisande sparer pengar ved å opphalde seg færre dagar i byen.

Dei lokale styresmaktene gjer alt dei kan for at festivalen skal leve opp til ryktet sitt. Alle barar har fått utvida skjenketid til klokka seks om morgonen under San Fermin, som blir avslutta 14. juli.

Det første okseløpet gåre føre seg laurdag morgon. Også okseløpet er ein eldgammal tradisjon. Truleg starta det med at slaktarar sprang føre dyra dei hadde med seg frå landsbygda til tyrefektingane i Pamplona.

LES OGSÅ: Nye okseskadde i Pamplona

LES OGSÅ: Topp-matador spidda av oksen

Dyrevernarar aksjonerar i Pamplona.

Dyrevernarane tok i bruk sterke verkemiddel under demonstrasjonen i Pamplona torsdag.

Foto: RAFA RIVAS / Afp

Mange nordmenn

Dei fleste som deltek i moroa på festivalen kler seg i kvite bukser, kvit skjorte, svart baskarlue og eit raudt skjerf. Folk kjem frå heile verda for å delta, og rundt halvparten av alle tilreisande er utlendingar, fortel offisiell statistikk. Fleirtalet av utlendingane kjem frå USA, Storbritannia og Australia.

Kvart år reiser også mange nordmenn til den baskiske helgenfesten.

Det må forfattaren Erling Gjelsvik ta mykje av æra for. Han gav ut romanen «Dødt Løp» i 1978, der han skildarar tre unge nordmenn, sterkt inspirerte av Hemingway og med fascinasjon for den baskiske frigjeringsorganisasjonen ETA, sine opplevingar i ravfylla under San Fermin.

Det gjorde at mange nordmenn, dei fleste frå den politiske venstresida, byrja å valfarte til festivalen.

LES OGSÅ: Nedgangstider for spanske okseløp

LES OGSÅ: Nedgangstider for spanske okseløp

SISTE NYTT

Siste nytt