– FN-forhandlingar er ikkje nok. Klimaarbeidet må skje i eit tett samspel med næringslivet, som får ei heilt sentral rolle i kampen for klimaet, seier Rachel Kyte i Verdsbanken til NRK.
Over helga startar ein ny runde med klimaforhandlinga i regi av FN.
Som oppkøyring var eit 50-tals deltakarar frå politikk, forsking, næringsliv og ulike organisasjonar samla til det årlege Ny-Ålesund-symposiet på Svalbard. 16 land var representerte.
Der diskuterte dei korleis ein kan få framgang i dei internasjonale klimaforhandlingane, og korleis ein kan få til økonomisk omstilling i klimavennleg retning.
Må bli attraktivt å satse grønt
Rachel Kyte er blant dei som har tru på positiv forandring. Kyte er spesialutsending for klima i Verdsbanken.
– FNs klimakonvensjon har gjort ein svært god jobb. Klimaforhandlingane har gitt resultat, seier Kyte til NRK.
– Men spørsmålet no handlar om «å rekonstruere» heile den globale økonomien. Og det er ikkje noko ein normalt spør miljøvernministrane om å handtere. Her må også andre på banen.
- Les:
Ho meiner styresmaktene må leggje til rette for ei omstilling. Dei må lage ordningar som sender eit tydeleg signal til næringslivet om kva som lønner seg. Målet må vere at fleire investerer i prosjekt som gir låge utslepp. Og det må koste å sleppe ut CO2.
– Når bedriftene ser at det ikkje lenger er attraktivt å drive ei verksemd som fører til store utslepp av CO2, vil dei sjølve satse på klimavennlege løysingar. Dette vil skje fordi dei ser at det lønner seg å satse på dette, ikkje fordi dei kjenner seg pressa, seier Kyte.
Forhandlingane går tregt
Første veka i juni startar nok ein runde med klimaforhandlingar i FN-regi, denne gongen i Bonn.
I september har generalsekretæren i FN invitert til klimatoppmøte i New York, og deretter er det internasjonale forhandlingar i Lima mot slutten av dette året.
Ambisjonen er at ein ny internasjonal avtale skal vere klar innan utgangen av neste år. Derfor er store forventningar til møtet i Paris i 2015.
- Les:
Christiania Figueres leier klimaforhandlingane.
Ho innrømmer at dei går tregt.
– Det er utan tvil eit urovekkjande misforhold mellom framgangen vi ser og det vitskapen fortel om behovet for handling raskt, seier Figueres.
Men ho er likevel ikkje frustrert.
– Var eg det, kunne eg ikkje gjere jobben min. Eg blir verande optimistisk, fordi eg ser at styresmaktene rundt om i verda seier at dei vil følgje opp. Ingen hoppar av prosessen, ingen kastar korta og seier dei ikkje vil jobbe for ein internasjonal klimaavtale, seier FNs klimasjef.
– Eg vil støtte opp under det som skjer både frå politisk hald og frå frivillige organisasjonar og næringslivet. Næringslivet er viktig, legg ho til.
Ein må vise bedriftene det lønner seg å satse klimavennleg, meiner ho.
– Mange har lukkast, andre ikkje. No må det skapast internasjonale rammevilkår som kan liggje til grunn for nasjonale ordningar for næringslivet.
– Men eg er uroa for at alt det som blir gjort, ikkje er godt nok ut frå det som trengst av tiltak, seier ho.
Kombinere vekst og klimatiltak
Tidlegare president i Mexico, Felipe Calderon, leier The Global Commission on Economy and Climate.
Gjennom prosjektet The New Climate Economy arbeider han for å vise korleis økonomisk vekst kan kombinerast med det å takle klimautfordringane. I september i år skal kommisjonen leggje fram sine tilrådingar.
– Det er fullt mogeleg å kombinere dette, seier Calderon.
– Mexico opplever allereie alvorlege følgjer av klimaendringane, men i staden for å snakke om alle dystre utsikter for framtida, vil vi løfte fram det positive perspektivet, kva som er mogeleg å få til.
– Vi har tru på ei framtid med ein sterkare økonomisk vekst, seier Calderon.
Tru på næringslivet
Bjørn Haugland er konserndirektør i DNV GL, tidlegare kjent som Det Norske Veritas. Haugland har ei brei kontaktflate i internasjonalt næringsliv, gitt at dei har kontor i 100 land.
Han har stor tru på det som kan gjerast i tett samarbeid mellom politikk, næringsliv og forsking.
– Næringslivet sit på teknologi som vil vere avgjerande i arbeidet med å ta oss til ei berekraftig framtid, seier Haugland.
Han ser også aukande vilje til å satse på meir berekraftige løysingar.
– Slik eg opplever det, er det ein høg og aukande vilje hos dei globale aktørane i næringslivet. Dei ser at det å ha ein tydeleg politikk, strategi og kommunikasjon på dette feltet blir viktig når det gjeld å rekruttere dei beste menneska og å posisjonere seg i dei nye marknadene.
– Eg synest at veldig mange næringslivsleiarar i aukande grad tek berekraft inn i strategiane sine, seier Haugland.
Partnerskap med næringslivet
Klima- og miljøminister Tine Sundtoft er optimist.
– Vi arbeider for å endre samfunnet til å bli eit lågutslepp-samfunn. Men skal vi få det til, treng vi eit sterkt partnarskap mellom næringslivet, politikarane og forskings- og utdanningsinstitusjonane, seier Sundtoft.
– FN-forhandlingane må gå sin gang for å få ein sterk, internasjonalavtale, men for å få til dei reelle endringane i dei produkta vi bruker, må samfunnet ha det private næringslivet med på laget, sier ho.
– Internasjonale næringslivsleiarar har også barn og barneborn, og ser at dersom dei skal kunne vekse opp i ei verd med tilgang til rein luft, reint vant, mat og ein stad og bu, så må vi endre oss.
– Næringslivet sit på mange gode teknologiske løysingar. Eg ser det skiftet som kjem no, og har stor tru på det samspelet ein kan få til mellom næringsliv og politikarar, slik at ein får gode vilkår for utvikling – og marknaden kan fungere. Det er det som gir håp for framtida, seier Sundtoft.