Winston Greely, som arbeider i nasjonalparken, fanga hendinga på video. Ein svartbjørn og bjørnungane hennar vart nysgjerrige på turistane i ein nasjonalpark i Montana nyleg.
Videoen vart lagt ut på facebooksida til Montana Fish Wildlife and Park med teksta "dette er ei påminning om at naturen kan vere uforutsigbar".
Nasjonalparken ber folk om å respektere naturen og dyra som bur der, ved å gi dei rom og privatliv for både dyra og for sin eigen tryggleik, og for å ikkje stresse dyra. Dei ber også om at folk held seg til bestemte stader for å observere og ta bilete av dyra.
Vidare skriv nasjonalparken, at i dette tilfellet, gjekk det heldigvis bra med både bjørnemor og ungane hennar.