NRK Meny
Normal

– Enten døyr eg, eller så kjem eg til Noreg

Med Gudbrandsdalen som sitt endelege mål, har syriske Nidal teke «dødens veg» gjennom Europa. – Me har vore nære å døy meir enn éin gong, seier Nidal til NRK i det han nærmar seg Noreg.

Den syriske flyktningen Nidal har i tre veker reist gjennom Europa for å møta bror sin, som har fått opphald i Noreg. NRK har følgt han på den farlege reisa.

Syriske Nidal flyktar frå borgarkrigen i heimlandet og har kurs mot Noreg, der bror hans har fått opphald som kvoteflyktning. NRK har følgt Nidal tett på den farlege vegen nordover.

I dag fortel NRK historia om dei to syriske brørne Salah og Nidal, som ein del av temadagen «Flukten til Europa».

For tre år sidan tok dei to samansveisa brørne med seg familiane sine og flykta til Libanon frå krigen og bomberegnet i Syria til nabolandet Libanon.

Men medan Salah og familien blei valde ut som kvoteflyktningar og fekk flytransport til Noreg og ny heim i Ringebu kommune i Gudbrandsdalen, var ikkje broren Nidal like heldig.

NRK har følgt han på den farefulle smuglarruta gjennom Europa, også kalla «dødens veg».

Nidal er klar til å reise fra Izmir til Lesvos i en liten gummibåt.

Nidal var spent før han skulle reisa frå tyrkiske Izmir til greske Lesvos i ein liten gummibåt.

Var nære ved å døy fleire gonger

Ønsket om å leva trygt i nærleiken av bror sin var nemleg så sterkt at Nidal valde å dra etter ved hjelp av menneskesmuglarar.

– Det har vore ei svært slitsam reise. Me var døden nære meir enn éin gong, fortel Nidal til NRK via Skype torsdag ettermiddag.

To brødres flukt fra Syria til Norge. Grafikk.
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

Etter at han i tre veker har gått, teke båt, buss og tog, nådde han torsdag fram til Danmark. Han er tydeleg medteken etter den lange reisa gjennom land som Tyrkia, Hellas, Makedonia, Serbia, Ungarn og Tyskland.

– I løpet av denne tida har eg berre sove to gonger i ei seng. Elles har me sove på gata og på fortau. Dei som tek denne ruta risikerer livet fleire gonger, seier Nidal.

Syriske flyktningen Nidal reiser fra Tyrkia til Hellas i båt

Her er Nidal på veg frå Tyrkia til Hellas i båt.

– Noreg eller døden

Fleire enn 380.000 flyktningar og migrantar har hittil i år kryssa Middelhavet, medan minst 2500 har døydd i forsøket, ifølgje tal frå UNHCR.

Blant årsakene til at dei flyktar er krig, undertrykking, forfølging og dystre framtidsutsikter.

For Nidal var det aldri aktuelt å returnera til Syria. Til det er bandet til broren for sterkt og situasjonen i heimlandet for ille. Lyden og synet av bomber og blod pregar framleis minna om heimbyen Rastan.

Nidal er no berre ei landegrense unna å nå Noreg.

– Enten døyr eg, eller så kjem eg til Noreg. Det har vore målet sidan eg drog frå Libanon.

– Eg kjem til Oslo i dag – viss Gud vil, seier han til NRK.

Nidal og resten av bårflyktningen er endelig fremme på Levos

Nidal og resten av båtflyktningane i det dei når fram til den greske øya Lesvos.

På plass i Beograd etter en lagn tur fra Hellas

Her er Nidal på plass i Beograd etter ein lang tur frå Hellas.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt