NRK Meny
Normal

Nabo om aksjonen: - Det var som i ein film

Brussel (NRK): – Vi vart henta ut klokka fire om ettermiddagen, fortel næraste nabo til bombeverkstaden i Brussel til NRK. Saman med kone og to barn vart han evakuert av tungt væpna politi.

brussel

NABO TIL BOMBEFABRIKK: Jhon Jairo Valderrama vil ikkje sleppe pressen inn i bygningen. Men han kan snakke utanfor.

Foto: Roger Sevrin Bruland / nrk

Dagen etter terroråtaka ringde NRK på i naboleilegheita der politiet fann bombeverkstaden til gjerningsmennene i Brussel.

Portugisiske Jhon Jairo Valderrama kjem i døra. Han vil ikkje sleppe oss inn, heller ikkje nokon av dei andre journalistane som er på plass. Men han går med på å snakke ute på gata.

– Bad meg om å halde kjeft

NRK spør korleis han opplevde den dramatiske episoden då politiet storma bygninga. Valderrama fortel at det kom som lyn frå klar himmel.

– Eg såg politiet gå inn i leilegheita. Tungt væpna klatra dei opp brannstigen. Dei bad meg om å halde kjeft. Eg visste ikkje eingong kva som var i ferd med å skje, fortel han.

Valderrama var nabo til bombeverkstaden som vart raida natt til onsdag. Portugisaren bur der saman med kone og to barn.

Dei bad meg om å halde kjeft. Eg visste ikkje eingong kva som var i ferd med å skje

Jhon Jairo Valderrama

Vart tipsa av drosjesjåfør

Politiet hadde fått eit tips frå drosjesjåføren som hadde frakta gjerningsmennene til flyplassen. Han meinte dei hadde mykje bagasje, og slo alarm etter terrorangrepa.

Politiet slo til mot leilegheita på ettermiddagen. Valderrama-familien vart evakuert.

– Det var som i ein film. Politimennene hadde automatvåpen. Vi vart henta ut klokka fire om ettermiddagen, fortel han til NRK.

Valderrama-familien venta ute i kulda i 20 minutt. Så gav dei opp håpet om å få kome heim igjen den natta og ringde Røde Kors. Overnattinga skjedde på eit herberge.

BRUSSEL

Lastebilar med soldatar patruljerer nabolaget.

Foto: Roger Sevrin Bruland / nrk

Lite kontakt med naboane

Det var få som hadde møtt personane som budde i leilegheita. Dei kom og gjekk stort sett om natta.

Jhon fortel at det skal ha budd to personar i leilegheita. Han hadde berre møtt ein av dei.

– Alt eg veit er at den eine personen hadde skjegg. Den andre møtte eg aldri på, fortel han.

Han kan ikkje svare på spørsmål om korleis dei var som personar. Så nær kontakt hadde dei ikkje.

Det var som i ein film. Politimennene hadde automatvåpen. Vi vart henta ut klokka fire om morgonen

Jhon Jairo Valderrama

Jernring

Politiet sperra av heile kvartalet under aksjonen i Schaerbeek. Leilegheita der bombene truleg vart laga ligg berre eit steinkast unna rådhuset i Schaerbeek kommune.

Under ein pressekonferanse dagen etter kunngjorde politiet at dei hadde funne ei stor bombe som vart desarmert av ekspertar. Det vart også funne ingrediensar til å lage fleire sokalla spikerbomber som vart brukt i terrorangrepa i Brussel.

Drosjetabbe hindra endå større katastrofe

Ifølgje den belgiske avisa dh.be hadde gjerningsmennene bestilt ein maxitaxi, men ved ein feil sende drosjeselskapet ein sedan. Dette førte til at dei måtte sette igjen den aller største bomba.

Naboar som NRK snakka med seier dei er skjelvne etter bombefunnet. Dei hadde lest i avisa at den siste bomba kunne gjort stor skade på nabolaget.

Ein mann NRK snakka med budde ikkje i området, men hadde kome for å roe foreldra sine, som hadde blitt svært redde.

BRUSSEL

Ein mann kjem for å besøke foreldra sine. Mange er skjelvne etter at det vart funne ei stor bombe i leilegheita.

Foto: Roger Sevrin Bruland / nrk

Normalt nabolag

NRK har snakka med personar som har vakse opp i Schaerbeek. Dei seier det er eit heilt vanleg nabolag, som ligg nært sentrum av Brussel.

Dei siste åra hadde mange tyrkiske innvandrarar busett seg her. Men dei blir sett på som eit positiv innslag i lokalsamfunnet.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt