Hopp til innhold

Mystisk pulver i New Jersey var ufarleg

Politiet i New Jersey seier at det kvite pulveret som vart sendt til seks hotell i området der Super Bowl-finalen skal gå søndag, var ufarleg.

MetLife Stadium i New Jersey.

Det er her på MetLife Stadium i New Jersey at Super Bowl-finalen går søndag.

Foto: JOHN MOORE / Afp

Ein konvolutt med kvitt pulver har også vorte sendt til kontoret til den tidlegare borgarmeisteren i New York City, Rudolph Giuliani, opplyser politiet i verdsmetropolen. Heller ikkje dette pulveret var farleg.

Eitt av hotella som fekk tilsendt pulveret var Econo Lodge hotell i Carlstadt, New Jersey. Direktøren for hotellet, Eylem Naik, seier at styresmaktene har testa pulveret og sagt at det var ufarleg.

– Alt er under kontroll, dei forlet hotellet akkurat no, sa han til nyheitsbyrået Reuters ved 20-tida norsk tid.

Det er stor frykt for terror før arrangementet, og politiet har stengt av eit stor område rundt MetLife Stadium i fleire dagar.

Super Bowl, den store festdagen i amerikansk fotball, går på MetLife Stadium i East Rutherford i New Jersey førstkomande søndag mellom Denver Broncos og Seattle Seahawks. Begge laga bur på hotell i nærleiken av stadion.

Super Bowl er den mest sette sportshendinga i USA. Byar over heile landet konkurrerer om å vere vert for finalekampen, men arrangementet har dei siste åra også vorte assosiert med menneskehandel .

SISTE NYTT

Siste nytt