Mysteriet Bush

Det er eit stadig mysterium korleis George W. Bush greier å overtyde seg sjølv om at det han gjør, er det rette.

USAs president George W. Bush.
Foto: JONATHAN ERNST / Reuters

Kilde: NRK

Kommentar: Gunnar Myklebust
Foto: NRK

At han kan stå så roleg i straumen av kritikk og fakta og halde fast ved trua på at det er han som eig sanninga, og at stadig fleire tar feil. For den sanningsverda Bush lever i, der krigen er rettferdig og alt nå går til det betre, blir stadig mindre.

Han står som kapteinen på eit søkkande skip, utan å ville vedgå at han har gått på eit skjer. Mens rottene rømmer, og det er snart ikkje er fleire rotter igjen ombord.

- Misbrukt og feilsitert

To sentrale aktørar frå dramaet i forkant av invasjonen i Irak, har no tatt bladet frå munnen: Tidlegare CIA-sjef George Tenet hevdar i ei ny bok at han blei misbrukt og feilsitert av Bush-administrasjonen i arbeidet med å legge fundamentet for krigen, og at det i dette arbeidet bevisst blei manipulert og misinformert.

Samtidig kjem Blairs tidlegare forsvarsminister Geoff Hoon ut og fortel om usemje mellom USA og Storbritannia før invasjonen: Britane var imot den amerikanske planen om å avvæpne den irakiske hæren og tappe statsadministrasjonen for folk fordi det viktigaste var å fjerne Saadam-tilhengarar. Hoon meiner at dei dermed dytta Saddams folk i fanget på Al Qaida.

Hovudrolleinnehavaren i kullisene

Tenet og Hoon stadfestar det mange har meint å vite om spelet for å rettferdiggjøre Irakkrigen og kven som trekte i dei viktigaste trådane. Begge peikar på nøkkelfiguren i Washington, hovudrolleinnehavaren i kullisene til Bush: Visepresident Dick Cheney.

Tenet seier at ingen var klarare enn Cheney på at Irak var USAs førstefiende, og det lenge før 11. september. Hoon seier at britane fullstendig undervurderte rolla til Dick Cheney. Han fortel levande om korleis Blair snakka med Bush, han sjølv snakka med kollega Donald Rumsfeld og utanriksminister Jack Straw med Colin Powell. Og britane rekna med at dei var grundig hørte, for så å ende opp med noe heilt anna når Cheney kom inn i bildet.

"Krigen mot terror"

Kvar på sin kant har Tenet og Hoon gitt Irak-debatten enda eit spinn. Britane ventar ikkje at Tony Blair skal be om orsaking for å ha gått inn i Irak, men spekulerer i om det kan kome ei kursjustering i forhold til USA når Blair i sommar venteleg overlet roret til Gordon Brown. Det er fx nå gått ut instruks i dei britiske regjeringskorridorane om at Bush-uttrykket "krigen mot terror", er ei uhøveleg forenkling som ikkje lenger skal brukast.

Tenet på si side møter kritikk for at han holdt seg taus den gongen han burde ha snakka ut, og blir sjølv gjort medskyldig i krigen og dei menneskelege kostnadene den har dratt med seg.

Presidenten driv utanrikspolitikken

I USA er det presidenten som driv utanrikspolitikken og dermed også fører krig. Men beslutningsprosessen er komplisert og gjør at ansvar og skyld fort kan både fordelast og pulveriserast. Derfor må også dei nye presidentkandidatane forholde seg til krigen i Irak og finne seg i å bli saumfart og ansvarleggjort.

Hillary Clinton stemte for krigen da Bush i 2002 ba om Kongressens støtte. Ho har sidan slite med argumentet sitt om at det ho støtta, ikkje er den krigen Bush i dag fører. Nå foreslår ho at Kongressen trekk tilbake den krigsfullmakta Bush fekk i 2002.

Det er uvisst om Clintonforslaget vil ha noen effekt om det blir vedtatt. President Bush vil kunne hevde at ei slik vedtaksendring ikkje er lovleg eller muleg, og at Kongressen ikkje kan gjøre anna enn eventuelt å nekte han pengar til å føre krigen. Og det, gløymer Bush aldri å minne om, vil først og fremst ramme amerikanske soldatar.

For Clinton er det eit spørsmål om å kome i front igjen blant presidentkandidatane på demokratisk side, for Bush å bruke dei siste månadene i Det kvite hus til å bygge eit solid historisk ettermæle.

USAs 43. president er på oppløpssida, og alt tyder på at det er Irakkrigen han skal stå eller falle på. Her er det ikkje rom for vingling og svakheit, ingen plass for kompromiss.

Her ligg kanskje også forklaringa på denne underlege overtydinga og trua på seg sjølv. Som den som tok opp og vann kampen mot terroren. Stod aleine igjen til slutt, men hadde rett.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt