Hopp til innhold

Trur Holmes hadde blitt avdekt dersom han var muslim

Muslimar i Colorado trur James Holmes aldri kunne gjennomført kinomassakren dersom han var frå ein framand kultur. No ønskjer dei ein slutt på det dei meiner er forskjellsbehandling.

Politiet i Aurora konfiskerer ting frå leilegheita til den mistenkte drapsmannen

Politiet i Aurora konfiskerer datamaskinen frå leilegheita til kinodrapsmannen. Dette hadde dei gjort for lenge sidan dersom han var frå ein annan kultur, meiner muslimar i Colorado.

Foto: JEREMY PAPASSO / Reuters

I 2009 sende muslimen Najubullah Zazi tre e-postar frå bustaden sin i Aurora i Colordo til ein mistenkt terrorist i Pakistan, med spørsmål om kva ingrediensar han trengde for å bake ei kake til eit bryllaup.

I løpet av timar møtte FBI opp på døra hans. Dei hadde avlytta samtalen hans, og fylgde han rundt i USA. Dei fekk mistanke då dei oppdaga at han hadde kjøpt store kvanta av hydrogenperoksid, som er eit hårfargingsmiddel, skriv Denver Post.

James Holmes under det første rettssmøtet

James Holmes verka tydeleg forvirra under rettsmøtet i dag.

Foto: Skjermbilete

Nesten tre år seinare og litt over to mil unna budde James Holmes. 24-åringen Holmes stod bak kinomassakren i Aurora der 12 menneske mista livet og 58 blei såra.

Holmes hadde teke imot tilsendingar av ammunisjon til ei militærrifle, to handvåpen og ei hagle over ein periode på 60 dagar.

Alt dette var lovleg, og det verkar ikkje som at noko av dette har blitt meldt inn til politiet. Korkje leverandørar eller naboar meinte at det var noko mistenkjeleg ved innkjøpa.

Sterke kontrastar

Kontrastane mellom den kjappe responsen på Zazi sine bestillingar og at ingenting vart gjort med Holmes, gjer at det muslimske samfunnet i Colorado no reagerer.

– Denne mannen væpna seg sjølv bokstaveleg talt til tennene via postbestillingar, og ingen lyfta eit augnebryn, seier imamen Ibrahim Kazerooni.

– Dersom namnet mitt er Ibrahim eller Mohammed og eg bestiller eit våpen på nettet, så trur eg FBI og CIA vil møte opp ved huset mitt i løpet av nokre timar.

Kazerooni understrekar at han ikkje meiner det var feil av FBI å overvaka Zazi, då det var openbart at det var ein kopling til terroristar. Men han ber om at politiet og naboar reagerer på mistenkjeleg åtferd på same måten, uavhengig av kva kultur og trussamfunn ein tilhøyrer.

– Det er ei generell haldning i det muslimske samfunnet i USA at dei vert marginaliserte og forskjellsbehandla, seier Kazerooni.

– Burde vore avdekt

Imamen meiner det burde vore lett å avdekkja mistenkjelege ting ved åtferda til James Holmes.

Han peikar på at Holmes gjekk frå å vere ein mønsterstudent til å plutseleg droppe doktorgraden og isolere seg sjølv frå omverda, og byrja å kjøpe våpen og ammunisjon.

Denne debatten har også rasa på det sosiale nettsamfunnet og mikrobloggen Twitter. Fleire reagerer på at Holmes ikkje vert kalla terrorist, eller risikerer å bli sikta for terrorisme, og peikar på at det motsette ville skjedd med ein muslim.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt