Hopp til innhold

Musk til Trump: – Droppar du Parisavtalen, sluttar eg som rådgivar

Gründeren bak Tesla, PayPal og SpaceX, Elon Musk, trugar med å slutte som rådgivar for Donald Trump dersom presidenten trekkjer USA frå Parisavtalen.

COMBO-FILES-US-CLIMATE-DIPLOMACY-MUSK

Elon Musk seier han ikkje lenger vil gi råd til Trump dersom USA går ut av Parisavtalen.

Foto: NICHOLAS KAMM / AFP

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Gründeren la ut ei melding på Twitter i dag om at han har gjort alt han kan for å overtyde presidenten om å stå ved klimaavtalen som vart gjort i Paris i desember 2015.

På spørsmålet om kva han gjer dersom Trump trekkjer USA ut av avtalen, var han klar i sin tale.

– Eg har ingen andre val enn å slutte som rådgivar, svarar Elon Musk på spørsmålet på Twitter.

Laster Twitter-innhold

Onsdag ettermiddag byrja rykta å gå om at Trump kjem til å trekkje USA frå avtalen.

Ei avklaring er varsla i kveld

Musk er for tida ein av 18 bedriftsleiarar som jobbar som Trump sine forretningsrådgivarar, formelt kjent som det strategiske og politiske forumet, skriv CNN.

Det er venta at Donald Trump i kveld norsk tid skal kunngjere kva han vil gjere med Parisavtalen. Den bind landa som har skrive under til å redusere karbonutsleppa med 26 til 28 prosent innan ti år.

Laster Twitter-innhold

Tesla er eit av fleire hundre selskap som har bede Trump om å stå fast ved avtalen.

«Dump Trump»

I april kjøpte ein investor i Silicon Valley annonsar i søndagsutgåva til The Washington Post og New York Times som oppmoda Musk til å «dumpe Trump», skriv CNN.

Det er ikkje første gong at Musk offentleg går i mot trumpadministrasjonen. Musk engasjerte seg sterkt i presidenten sitt innreiseforbod for sju muslimske land. Den gong sa Musk at han framleis ville vere i rådgivarstaben, sjølv om han var ueinig.

– Å gi råd og å vere til stades betyr ikkje at eg nødvendigvis er einig med politikken, skreiv Musk på Twitter den gong.

SISTE NYTT

Siste nytt