NRK Meny
Normal

Mumbai-terrorist dømd til døden

Den einaste overlevande av angriparrane i terrorangrepet i Mumbai i november 2008, er dømd til døden ved henging.

Mohammed Ajimal Kasab

Mohammed Ajimal Kasab var den einaste av Mumbai-angriparane som overlevde.

Foto: Ap

Mumbai

Terrorangepet i Mumbai i november 2008 varte i tre døgn.

Foto: ARKO DATTA / Scanpix/Reuters

Pakistanske Mohammed Ajmal Kasab (22) vart funnen skuldig etter tiltalen av ein domstol i Mumbai tysdag, men straffeutmålinga vart utsett til i dag.

Kasab braut saman då dommen vart opplesen, og han byrja å gråte. Dommaren bad då om at han skulle få eit glas vatn. Då dommaren spurde om han hadde noko å seie, rista han berre på hovudet, melder den indiske nyheitskanalen NDTV.

Dødsdommen blir neppe effektuert med det første. Først er det venta ein omfattande ankeprosess, og dette kan ta fleire år.

LES OGSÅ: Landemerke i Mumbai åpner etter hotellterror

LES OGSÅ: Amerikaner siktet for å ha planlagt Mumbai-massakren

Lashkar-e-Taiba

Indiske styresmakter meiner at Kasab er med i den pakistanske islamistgruppa Lashkar-e-Taiba, og at også element frå pakistansk etterretning var innblanda i angrepet.

India har lagt fram ei liste på 20 namn med mistenkte for å ha planlagt angrepet, blant dei grunnleggjaren av Lashkar-e-Taliba, Zakiur Rehman Lakhvi, samt fleire toppar i organisasjonen.

166 menneske vart drepne og over 300 såra i angrepa mot fleire hotell, jernbanestasjonen og eit jødisk senter i den indiske storbyen.

LES OGSÅ: - Jeg deltok i Mumbai-angrepet

LES OGSÅ: 30 drept i angrep mot pakistansk valglokale

- Ein drapsmaskin

- Det vil vere ei hån mot mot rettferda om det ikkje blir dødsstraff i denne saka, sa aktor Ujwal Nikam til retten tysdag. Han la til at Kasab er ein drapsmaskin, og at fabrikken som har skapt drapsmaskinen er i Pakistan.

Det var 10 tungt væpna menn som gjennomførde det tre dagar lange angrepet i den økonomiske hovudstaden i India. Mohammed Ajmal Kasab skal ha delteke i den blodigaste delen av angrepet, drapa på 52 menneske på jernbanestasjonen.

Ytterlegare 20 vart drepne medan dei prøvde å kome seg unna.

Mohammed Ajmal Kasab

Mohammed Ajmal Kasab fotografert under angrepet.

Foto: Sebastian D'souza/Mumbai Mirror / Scanpix/AP

LES OGSÅ: Mumbai-mistenkte tatt i Pakistan

LES OGSÅ: Indisk etterretning kjente planene

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt