Hopp til innhold

Mumbai-dømt får dødsstraff

Indisk domstol har dømt den terrormistenkte i Mumbai til døden.

Mohammed Ajimal Kasab

Mohammed Ajmal Kasab kan bli dømd til døden torsdag.

Foto: Ap

India har ikkje avskaffa dødsstraffa, men det er mange år sidan nokon har blitt dømd til døden i landet. No meiner statsadvokaten at det er på tide å bruke den strengaste straffa igjen.

Aktor Ujwal Nikam har bede om dødsstraff.

Aktor Ujwal Nikam (biletet) ber om dødsstraff for Mohammed Almal Kasab.

Foto: Rafiq Maqbool / Ap

Aktor i saka har lagt ned påstand om dødstraff ved henging.

LES OGSÅ: Mumbai-tiltalt kjent skyldig

LES OGSÅ: Landemerke i Mumbai åpner etter hotellterror

Hotell og jernbanestasjon

166 menneske vart drepne, og over 300 vart såra i angrepa mot fleire hotell og jernbanestasjonen i Mumbai i november 2008.

Pakistanske Mohammed Ajmal Kasab var den einaste av terroristane som overlevde. Indiske styresmakter meiner at han er med i den pakistanske islamistgruppa Lashkar-e-Taiba, og at også element frå pakistansk etterretning var innblanda i angrepet.

India har lagt fram ei liste på 20 namn med mistenkte for å ha planlagt angrepet, blant dei grunnleggjaren av Lashkar-e-Taliba, Zakiur Rehman Lakhvi, samt fleire toppar i organisasjonen.

LES OGSÅ: Ble trent av Mumbai-terroristene

LES OGSÅ: - Jeg deltok i Mumbai-angrepet

- Hån mot rettferda

- Det vil vere ei hån mot mot rettferda om det ikkje blir dødsstraff i denne saka, sa aktor Ujwal Nikam til retten tysdag. Han la til at Kasab er ein drapsmaskin, og at fabrikken som har skapt drapsmaskinen er i Pakistan.

Det var 10 tungt væpna menn som gjennomførde det tre dagar lange angrepet i den økonomiske hovudstaden i India. Mohammed Ajmal Kasab skal ha delteke i den blodigaste delen av angrepet, drapa på 52 menneske på jernbanestasjonen.

Ytterlegare 20 vart drepne medan dei prøvde å kome seg unna.

Terrorangrep i Mumbai

166 menenske vart drepne i terrorangrepet i Mumbai i november 2008.

Foto: AP / AP

- Hjernevaska

Forsvararen til Kasab åtvara mot å dømme klienten hans til døden. Han argumenterte med at 23-åringen var hjernevaska til å delta i angrepet av ein terrororganisasjon.

- Auge for auge og tann for tann bør ikkje vere grunnlaget for straff, sa forsvararen, og viste til at Kasab er ein ung mann som kan bli rehabilitert.

Kasab vart arrestert alt første dagen av angrepet. Først vedgjekk han at han var ein av angriparane, men seinare trekte han tilbake tilståinga og sa at han vart lurt til å vere med.

Dei fleste reknar med at det blir dødsdom, men at dette kan gi ein langvarig ankeprosess.

Den siste dødsdommen i India vart fullbyrda i 2004, og sidan 1998 er berre to personar avretta i landet.

Terrorangrepene i Mumbai 26. november 2008

166 menneske vart drepne i terrorangrepa mot Mumbai i november 2008.

Foto: Gautam Singh / Scanpix/AP

LES OGSÅ: Mumbai-mistenkte tatt i Pakistan

LES OGSÅ: Indisk etterretning kjente planene

LES OGSÅ: Ferieland med dødsstraff for narkotika

SISTE NYTT

Siste nytt