Den 93 år gamle presidenten heldt ein tale til nasjonen på den statlege fjernsynskanalen i kveld. Alle hadde rekna med at han ville trekkje seg, men det skjedde ikkje. I talen sa han blant anna at hæren si inngriping sist veke ikkje var retta mot presidenten eller i strid med grunnlova. Han sa at dei militære heile tida har behandla han med respekt.
Han sa også at han skal leie den komande partikongressen i regjeringspartiet ZANU-PF i desember. Han sa ikkje noko om at han kjem til å trekkje seg der heller. Folk i Zimbabwe er i sjokk. Ingen veit kva som kan kome til å skje i landet dei komande dagane.
VIDEO: Boldwill Hungwe er sjokkert.
– Nasjonen må stå samla
Den mektige leiaren for krigsveteranane i Zimbabwe, Chris Mutsvangwa, varslar nye demonstrasjonar mot Mugabe.
Foto: APMugabe sa at det er viktig at nasjonen står samla når framtida skal stakast ut, og at ånda frå frigjeringskampen framleis skal leve vidare i landet. Mugabe vedgjekk at landet har store problem, og at det er årsaka til at så mange har teke til orde for endring.
Det statlege fjernsynet stadfesta i kveld at dei øvste leiarane i hæren i kveld hadde eit fleire timar langt møte med Mugabe.
Kjelder rundt forhandlingane mellom hæren og Mugabe, der også den zimbabwiske kyrkja var med, sa tidlegare i kveld at den aldrande presidenten hadde gått med på å trekkje seg. I talen sa han ingenting om det. Han sat midt i ei gruppe med offiserar då han heldt talen sin.
Opposisjonsleiaren Morgan Tsvangirai seier han er forbløffa over at Mugabe ikkje varsla avgangen sin.
– Riksrett og demonstrasjonar
Boldwill Hungwe er svært skuffa over talen til president Robert Mugabe.
Foto: NRKDen mektige leiaren for krigsveteranane i Zimbabwe, Chris Mutsvangwa, sa rett etter talen at arbeidet for å få Mugabe stilt for riksrett, vil halde fram. Han varslar nye demonstrasjonar mot den upopulære presidenten i Harare førstkomande onsdag.
Den zimbabwiske journalisten Boldwill Hungwe sa til NRK etter talen at han er svært skuffa og sint.
– Kva vil skje no? Blir det meir valdsbruk? Er vi tilbake ved start?, seier han. Han undrar seg om hæren har skifta side. Under demonstrasjonane i Harare dei siste dagane har folk jubla saman med soldatar i gatene.
Han meiner at riksrett no er det einaste håpet for å bli kvitt den 93 år gamle presidenten.
– Vi kjem ikkje til å få sove i natt. Hæren skuldar oss verkeleg ei forklaring på kva som eigentleg har skjedd, seier han. Han trur ikkje folk vil vente heilt til onsdag med å ta til gatene og protestere.
VIDEO: Tidlegare Afrika-korrespondent Dag Bredvei om talen til Mugabe.
Hæren tok makta
Hæren tok makta i Zimbabwe 15. november og presidenten vart sett i ein slags husarrest. Robert Mugabe har hittil nekta å trekkje seg. Seinast i går sa ein slektning til Reuters at han
enn å trekkje seg.Tidlegare i dag avgjorde regjeringspartiet ZANU-PF å
i partiet, og også kona hans vart avsett som leiar for kvinneorganisasjonen. Emmerson Mnangagwa, Mugabes sterkaste politiske rival, blir ny leiar for ZANU-PF.Partiet gav Mugabe ein frist på 24 timar til å trekkje seg. Alternativet er riksrett.
I går var det store demonstrasjonar i Harare, der kravet om presidenten sin avgang var unisont. Mange meiner at 93 år gamle Mugabe, det eldste statsoverhovudet verda,
Alle trudde at Robert Mugabe hadde gått med på å trekkje seg, men det gjorde han ikkje.
Foto: PHILIMON BULAWAYO