NRK Meny
Normal

Mubarak avviser drapsskuldingar

Tidlegare president i Egypt, Hosni Mubarak, blei trilla inn i rettslokala i Kairo i sjukeseng då rettssaka mot han starta onsdag.

Hosni Mubarak i retten

Hosni Mubarak ligg i sjukeseng i rettslokalet på politihøgskulen i den egyptiske hovudstaden Kairo.

Foto: Ap

Rettssaka vert overført direkte på egyptisk fjernsyn. Rettslokalet er omringa av tryggingsvaktar, og fjernsynsbileta viser den 83-år gamle eks-presidenten liggjande i ei sjukeseng, inne i eit bur i rettssalen.

Mubarak må i retten svara for skuldingar om å ha gjeve ordre om drap på meir enn 800 demonstrantar i folkeopprøret som tok til den 25.januar i år. Eks-presidenten, som styrte Egypt med jernhand i om lag 30 år skal også ha forsynt seg grådig frå statskassa.

Mubarak risikerer dødsstraff dersom han vert funnen skuldig i tiltalepunkta mot han.

Bleik og kvitkledd

Dommaren Ahmed Refaat sette retten rundt klokka 10 norsk tid, og bad om ro i rettslokalet. Ifølgje den statlege avisa al-Ahram er Refaat ein respektert jurist som vert rekna som uavhengig av det tidlegare regimet.

Ifølgje nyheitsbyrået AFP såg Mubarak bleik ut då han kom til rettslokalet. Han hadde kvite klede på seg, og kom saman med dei to sønene sine, Alaa og Gamal, som også står på tiltalelista.

Det same gjer tidlegare innanriksminister Habib al-Adly, seks tryggingssjefar og ein forretningsmann som har fungert som rådgjevar for Mubarak.

Mubarak og sønene hans nekta onsdag for å vera skuld i nokon av tiltalepunkta.

– Eg avviser fullstendig alle skuldingar mot meg, sa eks-presidenten frå sjukesenga i rettslokalet.

Video Retssaka mot Hosni Mubarak

Sjå direktesendinga frå rettssaka mot Hosni Mubarak.

Kastar stein

Opprør på Tahrir-plassen

Ein skadd mann vert frakta vekk frå opprøret på Tahrir-plassen, der rettssaka vert vist på storskjerm

Foto: Ahmed Ali / Ap

Retssaka mot den tidlegare presidenten vert vist på storskjerm på Tahrir-plassen i Kairo. Fleire hundre menneske har i morgontimane samla seg på plassen, som har vorte sjølve symbolet for den egyptiske revolusjonen.

Både motstandarar og sympatisørar av eks-presidenten er til stades i sentrum av hovudstaden for å få med seg utviklinga i retten.

Styresmaktene har frykta bråk, og 3000 soldatar og politibetjentar er difor kalla inn for å sikra ro og orden i gatene utanfor rettslokalet, ifølgje BBC.

Ein stor plakat med støtteerklæringar til Mubarak heng på nedsida av storskjermen, medan mange gjev uttrykk for avsky mot det tidlegare statsoverhovudet. Det har ført til valdelege samanstøytar.

Mange av dei oppmøtte kastar stein på kvarandre, og minst ti personar er hittil skadde, fortel journalisten Raguia Mostafa til Al Jazeera.

Video Bråk på Tahrir-plassen i Kairo

Tilhengarar og motstandarar av eks-president Hosni Mubarak slåst utanfor politiskulen der rettssaka går føre seg.

Saka vert oppdatert.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt