Hopp til innhold

Møtte drapsmannen kort tid før knivstikkinga

Pawel Adamowicz, ordførar i den polske byen Gdansk dei siste 20 åra, vart knivstukken og drepen på scena under eit større arrangement i byen i går ettermiddag. Nordmannen Birger Amundsen var tett på drapsmannen like før.

Gdansks ordfører gjennom mange år, Pawel Adamowicz, døde av skadene etter at han ble knivstukket under et veldedighetsarrangement.

Gdansks ordførar gjennom mange år, Pawel Adamowicz, døydde nokre timar etter at han vart knivstukken på ei scene i sentrum av Gdansk.

Ein 27 år gammal mann er arrestert etter ugjerninga. Like etter at han stakk ned den populære ordføraren i hjartet og mageregionen ropte han at partiet til Adamowicz, Borgarplattforma, var ansvarleg for at han ved ein feil vart dømd for eit bankran.

Pawel Adamowics.

Pawel Adamowicz har vore ordførar i Gdansk i 20 år. Søndag vart han brutalt drepen på scena under eit arrangement i byen.

Foto: Pawel Marcinko / AFP

– Borgarplattforma torturerte meg. Derfor døydde akkurat Adamowicz, ropte han frå scena etter at han knivstakk ordføraren. Polsk politi trur ikkje det ligg politiske motiv til grunn for angrepet, men at gjerningsmannen har psykiske problem.

Seks timar på operasjonsbordet

Den 54 år gamle ordføraren låg på operasjonsbordet i seks timar etter angrepet, men det var ikkje mogleg å berge livet hans. Mange møtte opp på sjukehuset for å gi blod, etter oppmoding frå helsestyresmaktene.

Den norske forfattaren Birger Amundsen var i sentrum av Gdansk søndag ettermiddag saman med den polske kona si Ilona Wizniewska. Dei er sjokkerte over det som skjedde.

Birger Amundsen og Ilona Wizniewska i Gdansk.

Ekteparet Birger Amundsen og Ilona Wizniewska i folkehavet under minnemarkeringa i sentrum av Gdansk måndag kveld.

– Det er heilt uforståeleg at noko slikt kunne skje på det som er den mest positive dagen i året i Polen. Det var avslutninga på den store innsamlingsaksjonen, der det blir samla inn pengar til utstyr for barnesjukehus. Også ordføraren gjekk rundt med innsamlingsbøsse, seier ein skaka Birger Amundsen til NRK.

Han samanliknar arrangementet med den store norske TV-aksjonen.

La merke til gjerningsmannen

Minnemarkering for Pawel Adamowics.

Mange møtte fram for å tenne eit lys til minne om Pawel Adamowicz i Gdansk måndag.

Foto: Wojtek Strozyk / AP

Han fortel at kona og han forlèt sentrum like før drapet skjedde, men at dei la merke til gjerningsmannen. Dette på grunn av det spesielle hovudplagget han hadde på seg, som likna på ei gamaldags skøytelue, det vi her i landet kalla for Hjallis-lue.

– Vi gjekk over ei bru samtidig med han, la merke til han på grunn av hovudplagget, og vi kjende han igjen då vi såg TV-bilete av det som skjedde etter at vi kom heim, seier han.

Amundsen fortel at drapet har skaka opp heile Polen, og at det har vore arrangert minnemarkeringar over heile landet i kveld. Dei starta klokka 18, og det norsk-polske ekteparet deltok i markeringa i Gdansk.

Minnemarkering i Warszawa

Det var minnemarkeringar over heile Polen i kveld. Her frå markeringa i hovudstaden Warszawa. Stopp hatet, står det på banneret.

Foto: Agencja Gazeta / Reuters

Lech Walesa og Donald Tusk

– Det var ei veldig flott markering like ved der drapet skjedde i gamlebyen. Tidlegare president og fredsprisvinnar Lech Walesa var her, det var også Donald Tusk og mange andre prominente personar. Det opna med avspeling av dei siste orda Adamowicz sa før angrepet, der han takka alle for engasjementet. Og alle var med og song nasjonalsongen. Det var ei fint å vere med på, seier Birger Amundsen.

Han har ikkje tal på kor mange som deltok denne iskalde januarkvelden, men seier at det var svært mange. I hovudstaden Warszawa deltok også fleire tusen i minnemarkeringa i sentrum av byen.

– Drapet har gjort enormt inntrykk på folk her i Polen, seier Amundsen til NRK.

Minnemarkering i Gdansk.

Fleire tusen menneske deltok i minnemarkeringa i Gdansk måndag kveld.

Foto: Agencja Gazeta / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt