NRK Meny
Normal

Møte mellom storfiskarar i Seattle

Seattle (NRK): Det vanka tips fiskarar i mellom då kongen av krabbefiske møtte majesteten i Seattle i går. Superstjerna frå sjåarsuksessen «Deadliest Catch» blei «starstruck» då han møtte kong Harald.

Kong Harald og Sig Hansen.

Kong Harald og Sig Hansen fann raskt tonen under møtet i Seattle.

Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK

– Hei, kong Harald, seier Sig Hansen og gir majesteten neven.

– Eg har sett deg på TV, svarer kong Harald. Begge ler høgt og isen er broten.

Vi er på Pacific Fishermen Shipyard i Ballard utanfor Seattle, hamna som blei bygd opp av norskætta fiskarar rett etter krigen.

Sig Hansen i styrehuset på båten sin.

Sig Hansen er stolt av krabbebåten sin, «Northwestern», som no blir gjort klar til ein ny sesong.

Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK

– Der er den flotte båten min, seier Sig Hansen og peiker mot «Northwestern». Båten er på verkstad for å bli klar for endå ein sesong med krabbefiske i Alaska. Om få månader er kaptein Sig på havet igjen med TV-kamera frå Discovery Channel på slep.

Frå fiskar til superstjerne

Realityserien om livet som krabbefiskar i Beringhavet utanfor Alaska har gjort norskamerikanske Sig Hansen til superstjerne. Den ein gang anonyme fiskaren med røter i Åkrahamn ved Karmøy er blitt millionindustri.

– Vi reiser verda rundt. Vi har mykje moro. Vi har produkt, vi sel øl og kaffi og «clothing line». Så det er mykje å bala med, seier han på klingande karmøydialekt.

Men «the real deal» er denne båten, dette er heime. Dette er levebrødet mitt. og når eg døyr er det dette eg bryr meg om, seier han og ser seg rundt i styrhuset på «Northwestern», båten faren hans kjøpte i 1977.

Resten er historia om hardt arbeid, familie og suksess.

Møte mellom Sig Hansen og kong Harald i Seattle

VIDEO: Norskætta TV-kjendis møtte kongen.

Brørne Edgar (t.v.) og Sig Hansen.

Brørne Egdar (t.v.) og Sig Hansen framfor krabbebåten «Northwestern», som i desse dagar blir klargjort for ein ny sesong i Alaska.

Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK

Krabbefiske i Alaska

– I 1958 reiste far min frå Åkrahamn hit til Seattle. Det var dårleg fiske i Noreg på den tida. Far min fekk jobb på ein kveitebåt. Så reiste dei etter kvart lengre nord, til Alaska der krabbefisket starta på 50- og 60-talet. Den gong var det ikkje pengar i det, det var ein ny industri. Men så eksploderte det. Det var moro, fortel Sig Hansen.

– Eg har høyrt du likar å fiske laks, seier Sig Hansen til kong Harald. Han veit at kongen skal til vidare til Alaska, og han har gode råd om kvar kongen kan finne dei gode fiskaropplevingane.

Til oss seier TV-stjerna at møtet med kongen gjer han nervøs.

Sig Hansen om bord i «Northwestern».

Sig Hansen om bord i «Northwestern». Både mannen og båten har vore verdskjende gjennom TV-serien «Deadliest Catch».

Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK

– Ville ha vore så stolt

– Eg har respekt for landet han er symbol for, seier Sig Hansen og tek eit magedrag av sigaretten.

– Viss far min levde, kva ville han tenkt? For når alt kjem til alt er vi berre enkle fiskarar, seier han.

– Eg trur far min, … wow, han ville ha vore så stolt.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt