NRK Meny
Normal

Møte med ein ekte kommunist

- Eg er ein ekte kommunist. Det er katten min også, seier Jurij Simanovitsj Danilov, russar som har budd i Litauen sidan 1952.

Jurij Simanovitsj Danilov utanfor blokka han bur i i Vilnius.

Jurij Danilov kallar seg ein ekte kommunist.

Foto: Bent J. Tandstad / NRK

Vilnius, Litauen: Jurij og katten bur åleine på eitt rom og kjøkken i ei nedsliten bustadblokk i ein soveby i utkanten av den litauiske hovudstaden Vilnius.

Han saknar Sovjetunionen, seier han, men det å bu i det nykapitalistiske Litauen har ikkje teke humøret frå den snart 80 år gamle pensjonisten og enkjemannen.

Berre russisk

Han sit og ser på russisk fjernsyn på kjøkkenet når vi kjem på besøk, ein kritisk dokumentar om tryggleiken i sovejtisk luftfart under den kalde krigen. For det går på russisk fjernsyn for den gamle heidersmannen.

Trass i at han har budd i Litauen sidan 1952, har Jurij ikkje lært seg litauisk. Alle litauarar frå hans generasjon kan russisk, så det har aldri vore eit poeng for han å snakke noko anna enn morsmålet.

Heller ikkje det faktum at han gifte seg med ei litauisk kvinne og fekk to born, har endra på dette.

Jurij er ein humørfylt kar, trass i at han må klare seg med litt over 900 litas i månaden i pensjon, rundt 2300 norske kroner.

- Det held akkurat til dei faste utgiftene og mat. Nye klede har eg ikkje kjøpt meg på fleire år, seier han, ler og gestikulerer. Men han unner seg ein tur i operaen ein gong i blant, legg han til.

Dårlege tider skal ikkje ta knekken på humøret mitt, humrar han.

Fisk og poteter

Som ein ekte russar er Jurij gjestfri. Det er viktig for han å dele det han har med den norske journalisten og tolken. Han finn fram røykt ferskvassfisk frå ein plastpose han har i det gamle sovjetiske kjøleskapet.

Han kokar poteter på den gamle sovjetiske komfyren, og beklagar at han ikkje kan by oss på vodka, slik han gjerne ville. Men han gir oss øl til fisken og potene. Etterpå serverer han georgisk te, eller frå Gruzia, som han seier. Georgia er ein delstat i USA, seier han med forakt i røysta.

Langt frå eit luksusmåltid, men velsmakande likevel.

Han tek stadig fram ting frå hyllene på kjøkkenet og i stova som han vil vise oss. Han viser fram ei bok med verka til ein dansk avisteiknar frå den kalde krigen.

- Han var kommunist, seier han triumferande. Så kjem han med sjølve hovudattraksjonen.

Partiboka

- Dette er partiboka mi frå Det sovjetiske kommunistpartiet. Her er beviset for at eg har betalt medlemskontingenten min heilt fram til mai 1991. Då var det slutt på kommunistpartiet. Partiet vart gjort om til eit sosialdemokratisk parti, og det var ikkje noko for meg, seier han.

Vi får gjerne ta bilete av medlemsboka, men han vil ikkje vere med på biletet sjølv. Kommunistpartiet er forbode i Litauen, og han vil ikkje ha bråk med politiet på sine gamle dagar, seier han, framleis med eit smil om leppene.

Jurij Simanovitsj Danilov vart fødd i byen Perm i Ural-regionen i Russland i 1929. Han var ein ivrig ungkommunist, og då han var ferdig med den tekniske skulen i heimbyen gjorde partiet det klart at det var bruk for han i Litauen.

Jurij Danilov på det vesle kjøkkenet sitt.

Jurij Danilov på det vesle kjøkkenet sitt.

Foto: Bent J. Tandstad / NRK

Det fall han aldri inn å ikkje gjere som partiet sa. Her vart han sett i arbeid med å byggje fabrikkar og store anlegg. Blant byggverka han har vore med og setje opp er det vidkjende fjernsynstårnet i Vilnius. Vidare eit gigantisk hemmeleg underjordisk anlegg som skulle huse viktige samfunnsfunksjonar i tilfelle atomkrig.

I dag har dette anlegget blitt ein turistattraksjon, i takt med den stadig større nostalgiske interessa for Sovjetunionen, særleg blant utlendingar.

Unionen

Den gamle Sovjet-nostalgikaren har klare meiningar om den litauiske EU-medlemskapen.

- Då vi vart medlemer i EU gav vi opp ein del av suvereniteten vår. Det er det same som då vi var ein del av Sovjetunionen. Då Moskva, no Brussel. Kva er skilnaden, spør han, og slår fast at brykratiet er likt over alt.

Og den sovjetiske sentralmakta var mykje meir effektiv, meiner han. I EU må alle landa vere samde før dei kan gjennomføre ting, og det er tungvint. Det var meir disiplin i gamle Sovjet, seier han, nok ein gong med eit lurt smil.

Så ramsar han opp alt som var betre før. Det var gratis utdanning, frå barnehage til universitet. Helsestellet var gratis og mykje betre enn i dag, også medisinen var gratis. I dag er medsinen altfor dyr, meiner han.

Offentleg transport var langt billegare enn i dag, og langt betre. Arbeidsfolk fekk gratis ferieopphald ved Svartehavet, i dag har ikkje vanlege folk råd til å reise på ferie.

Den gamle kommunisten viser også til at det var ein indre marknad også i Sovjetunionen, ikkje berre i EU.

- Nokre få har fått det betre, men dei fleste har det verre enn før, seier han og ristar på hovudet.

Takknemleg

Men han er takknemleg for ein ting, det at han kort tid etter at Litauen erklærte seg sjølvstendig, vart han innvilga litauisk statsborgarskap. Det var inga sjølvfølgje, og han rosar politikken som dåverande statsminister Vytautas Landsbergis stod for på det punktet.

For det var tøffe tider for russarar like etter lausrivinga. Svært mange reiste heim til Russland, men det var aldri eit alternativ for Jurij.

- Men det hende eg var redd på den tida. Ein visste aldri kva som kunne skje, seier han.

Han fortel også at han er glad i Vilnius. Han seier byen er ein miks av ulike nasjonalitetar som fungerer godt saman.

- Det er ein kosmopolitisk by, ein god stad å bu, seier han.

Etter to underhaldande timar saman med Jurij må vi vidare. Han er ein mann ein berre må like, trass i at han nektar å snakke anna enn russisk og at han er overtydd Sovjet-kommunist.

Han stryk katten kjærleg over ryggen. Han veit at han ikkje har mange meiningsfellar i Litauen i dag. Då er det godt å vite at katten iallefall står på samme lina.

Gamlebyen i Vilnius med presidentpalasset i forgrunnen.

Jurij er svært glad i Vilnius. Ein god by å bu i, seier han.

Foto: Bent J. Tandstad / NRK

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt