Hopp til innhold

Ny gigantkatastrofe i emning i Pakistan

Ein ny massiv flaum skyl inn over Pakistan, der folk framleis slit for å overleva etter den katastrofale flaumen i 2010.

Minst 136 menneske er døde og åtte millionar råka av flaumen som no herjar sør i Pakistan, opplyser den nasjonale katastrofeberedskapen NDMA.

Hjelpeorganiasjonane slår alarm etter at dødstalet har stige frå 49 til over 130 døde på få dagar.

– Situasjonen er kritisk. Mykje tyder på at denne flaumen blir enno verre enn flaumen i fjor, seier Petter Eide i Kirkens Nødhjelp, som er i dei flaumråka områda denne veka.

– Verre enn venta

Petter Eide

Petter Eide i Kirkens Nødhjelp er til stades i dei flaumråka områda i Pakistan. Flaumen som no er i emning kan bli verre enn den i fjor, seier han.

Foto: Lise Åserud / SCANPIX

Som eit fattig og konfliktherja land er Pakistan i utgangspunktet dårleg rysta til å takla ein ny stor-flaum. No ligg landet også nede med broten rygg etter at det sommaren 2010 opplevde ein flaumkatastrofe som ifølgje FN var ein av dei verste i moderne tid.

Under flaumen i fjor mista 2000 menneske livet og nesten 20 milllionar menneske vart råka av katastrofen.

Leiaren for den nasjonale katastrofeberedskapen i Pakistan stadfestar at dagens situasjon er desperat. Ifølgje Zafar Iqbal Qadir ligg flaumen an til å bli langt meir katastrofal enn det styresmaktene hadde spådd.

– Omfanget av katastrofen er verre enn venta. Situasjonen blir meir fortvila for kvar dag som går, seier Qadir til BBC.

Regnet held fram

Det uvanleg kraftige regnveret starta førre veke og spådommane til meteorologane er dystre. Det er meldt torevêr og kraftig nedbør over store delar av Pakistan dei kommande dagane.

Det er den sørlege Sindh-provinsen og Punjab-provinsen i aust som førebels har teke den verste støyten.

Fleitalet av dei omkomne har mista livet som følgje av hustak som rasar saman, drukning eller vassborne sjukdomar som malaria.

Så langt er 690.000 heimar flaumskadde, og 250.000 av desse er totalt øydelagde. Forsvaret. marinen og FN har engasjert seg i hjelpearbeidet.

– Dei fraktar mat og andre kriseforsyningar til dei flaum-råka områda, opplyser Qadir.

Utfordringane i kø etter 2010-katastrofen

Også i fjor var det kraftig monsunregn som var årsaka til flaumen. Regnet førte til at elvene gjekk over sine breidder i provinsen Baluchistan. Vassmengdene skylte deretter inn over Khyber-Pakhtunkhwa-provinsen i nordvest før dei inntok Punjab og Sindh.

«2010-flaumen i Pakistan er ein av dei største katastrofane nokosinne i forhold til område og talet på menneske som vart råka. Etter massiv flukt har millionar vendt tilbake til kritiske forhold», skriv FN-organisasjonen Unicef i ein tilstandsrapport.

Eitt år etter står utfordringane framleis i kø for den pakistanske befolkninga. For millionar av flaumoffer er kvardagen ein kamp for å overleva. Aller verst er det for dei fattigaste, som manglar både tak over hovudet, mat, vatn og arbeid.

Mistar levebrødet

Flaumen i fjor førte til eit samla tap på over 55.6 milliardar kroner, viser utrekningar frå Verdsbanken. Infrastruktur som var bygd opp gjennom 50 år er øydelagd og helsetilbodet er nærast ikkje-eksisterande.

Jordbruk er levebrødet til halvparten av dei 170 millionane som bur i Pakistan. Mange bønder mista livsgrunnlaget då jordbruksområda vart overfløymde i fjor. Avlingane gjekk dukken og buskapen bukka under.

No er katastrofen nok ein gong eit faktum.

I tillegg til store menneskelege tap, har flaumen så langt teke livet av 100.000 storfe. Nærare 700.000 hektar med dyrka mark er overfløymde, og store avlingar med sukker, bomull, sukkerrøyr, chili og bananar er øydelagde.

SISTE NYTT

Siste nytt