Hopp til innhold

Mot klart attval for omstridd diktator

Omar al-Bashir er tiltalt for folkemord, men det hindrar han ikkje frå å forlenge tida som Sudans leiar. Måndag er det nytt presidentval – eit val opposisjonen boikottar.

SUDAN-POLITICS-VOTE

Sudans president Omar al-Bashir møtte i går sine tilhengjarar. Men nokon valkamp treng han knapt føre, sidan det knapt finst nokon opposisjon i Sudan.

Foto: ASHRAF SHAZLY / Afp

Det er knytt lite spenning til valet av ny president i Sudan. Det meste tyder på at Omar al-Bashir vil bli velt om att og regjere vidare etter 25 år i presidentstolen.

Fengsla opposisjonspolitikarar

Nokon opposisjon finst knapt i Sudan, og det har sine grunner. Då to opposisjonsleiarar signerte ein avtale sist desember, der dei var einige om å gå saman for å utfordre Bashir, vart dei arresterte og skulda for å leie ein terroristorganisasjon, i tillegg til å oppmode til krig og hat i Sudan.

SUDAN-POLITICS-OPPOSITION-VOTE

Farouk Abu Issa er no sett fri, men har vore fengsla sidan desember saman med ein annan opposisjonspolitikar.

Foto: EBRAHIM HAMID / Afp

I dag vart dei to sette fri, berre dagar før presidentvalet skal gjennomførast. Kvifor dei no får gå fri er derimot ukjent.

– Fengselet sa berre «okay, de er fri. Gå heim», fortel advokaten deira til nyheitsbyrået AFP.

Advokaten meiner president Omar al-Bashir har sett fri dei to opposisjonspolitikarane for å unngå internasjonalt og nasjonalt press under valet som skal finne stad neste måndag.

SUDAN-POLITICS-VOTE

Omar al-Bashir har dei siste åra måtte tole stadig meir kritikk for mangelen på menneskerettar i Sudan

Foto: ASHRAF SHAZLY / Afp

15 ukjente motkandidatar

Dei fremste opposisjonskandidatane har sagt at dei boikottar valet i Sudan fordi Omar al-Bashir kontrollerer alt og alle i landet. Det er berre 15 ukjente motkandidatar som stiller til valet.

Så sjølv om både økonomi og vernet om menneskerettane har blitt stadig verre under Bashir sitt styre, så styrer han vidare i landet. Presidenten er etterlyst av Den internasjonale straffedomstolen i Haag og skulda for folkemord på dei etniske gruppene fur, masalit og zaghawa i Darfur.

På grunn av desse skuldingane har Bashir i fleire år risikert å bli arrestert om han reiser til land som er medlem av domstolen, noko som har sett klare grenser for kor han kan reise.

SUDAN-ELECTION/ Sudan's President al-Bashir waves to supporters during a campaign rally at Al Fashir in North Darfu

Tilhengjarar av Omar al-Bashir deltok i går på eit valkamparrangement i Al Fashir i Nord-Sudan.

Foto: MOHAMED NURELDIN ABDALLAH / Reuters

Staig meir aktiv i Den arabiske verd

Sudan har den siste tida blitt ein stadig meir markant aktør i den arabiske verda, og det sunnimuslimske landet har dei siste vekene involvert seg i den stadig meir betente konflikten i Jemen. Sudan er blant landa som har støtta Saudi-Arabias offensiv mot Houthi-militsen i Jemen.

Når Sudan går til urnene måndag er framleis ni av 18 regionar i krig. Aller verst er det i Darfur der styresmaktene er skulda for å forfølge etniske grupper og gå til angrep på sitt eige folk. Opprørsgrupper i regionen ønskjer ein eigen stat, slik Sør-Sudan klarte å få.

Men lite tyder på at dei vil oppnå noko slikt i åra som kjem, og lite tyder på at Sudans politikk vil endre seg i særleg grad etter valet.

SISTE NYTT

Siste nytt