Hopp til innhold

Mot høgre i finsk valthriller

Det liberalkonservative Samlingspartiet ligg an til å vinna det finske valet etter at førehandstemmene er talde opp. Samstundes kan dei nasjonalistiske Sannfinnane bli landets tredje største parti, med 18 prosent av førehandsstemmene.

Disse fire kan bli statsminister i Finland

Desse fire kan bli statsminister i Finland etter dagens val (f.v.): Mari Kiviniemi - Centern og statsminister sidan 2010, Eero Heinäluoma - Socialdemokraterna, Timo Soini - Sannfinnane og Jyrki Katainen - Samlingspartiet og finansminister.

Foto: AFP

I det valet av ny nasjonalforsamling snurpar seg til i Finland, kjempar dei fire største partia så tett at det truleg blir umogleg å spå det endelege resultatet.

Det einaste krystallklare signalet så langt, er at svært mange finske veljarar vil mot høgre.

Sannfinnane hakk i hæl

Det liberalkonservative Samlingspartiet ligg an til å trekkja det lengste strået og bli største parti. Deira suksess har likevel kome i skuggen av eit anna parti: dei høgrepopulistiske, innvandringskritiske Sannfinnane med Timo Soini i front.

Sannfinnane har i hovudsak sanka stemmer - og forakt - på sin skepsis til EU-medlemskapet og innvandringspolitikken til Finland.

Deira motstand mot det svenske språket som obligatorisk fag på finske skular har også vore ein brennfakkel i oppkjøringa til valet.

På leiarplass skriv finske aviser i dag at valet i det store og heile dreier seg om eitt spørsmål: Skal Finland venda seg utover eller innover i tida som kjem?

– Finnane må ta eit val når dei går til urnene i dag. Valet står mellom openheit og tolerane versus ei skeptisk innstilling til utlendigar og til Europa, seier Anne Souminen som er politisk redaktør i den finske rikskringkastinga, YLE.

«Finland for finnar»

Med sin «Finland for finnar»-politikk håpar dei høgrepopulistiske Sannfinnane på ein plass i ei koalisjonsregjering.

På dei fleste meiningsmålingar i forkant av valdagen har partiet fått meir enn 16 prosent av stemmene. Dersom det endelege valresultatet blir likeeins, vil partiet ha firedobla den oppslutninga det fekk ved førre val i 2007.

Ifølgje Souminen dreg Sannfinnane mykje stemmer på den høge arbeidsløysa i Finland.

For augneblinken er 8,4 prosent av den finske arbeidsstyrken utan jobb, ifølgje indexmundi.com. Til samanlikning er talet på arbeidslause i Noreg no nede i 2,9 prosent.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sannfinnenes partileder Timo Soini

Leiaren for partiet Sannfinnane, Timo Soini, er ein populær mann blant mange finnar.

Foto: HEIKKI SAUKKOMAA / AFP

– Feil at innvandrarane tek jobbane

Sannfinnane meiner at innvandrarane i Finland må ta mykje av skulda for at mange finnar er utan arbeid.

Souminen hevdar at argumentasjonen ikkje held vatn, fordi Finland ikkje har opna portane til innvandring på same måte som Noreg og Sverige.

I 2008 kom det til dømes 4000 flyktningar til Finland. I Noreg var talet 14 300, medan Sverige tok imot over 24 300 flyktningar, ifølgje den finske Immigrasjonstenesta.

– Inntektsskilnaden og fattigdomen har auka i Finland dei siste åra. Det er lett å sanka stemmer i eit val ved å forsvara den fattige og arbeidslause finnen og å skulda på at innvandrarane tek jobbane våre. Det er langt frå sanninga, seier Souminen.

Ho viser til busstrafikken i Helsingfors, som ifølgje henne ikkje hadde rulla og gått utan innvandrarane.

– Innvandrarane er villige til å ta jobbar som finnane ikkje vil ha, seier YLE-redaktøren.

Katainen og Kiviniemi i rotteres

Retorikken frå den karismatiske Sannfinn-leiaren, Timo Soini, ser likevel ut til å bera frukter.

Dagens regjering består av Centerpartiet i koalisjon med Samlingspartiet, De gröna og Svenska folkpartiet.

Etter valet i dag er sannsynet stort for at dei andre partia må belaga seg på eit regjeringssamarbeid med dei høgrepopulistiske Sannfinnane.

Det er likevel det liberalkonservative Samlingspartiet, med finansminister Jyrki Katainen i spissen, som toppar meiningsmålingane. Hakk i hæl kjem Centerpartiet, som har noverande statsminister Mari Kiviniemi som partileiar.

Vallokala stengjer klokka 19 norsk tid. Eit mellombels valresultat skal vera klart kort tid etter.


SISTE NYTT

Siste nytt