Hopp til innhold

Mot historisk låg valgdeltaking i Frankrike

Tre timar før dei siste stemmelokala stenger i Frankrike, er valdeltakinga i andre runde av presidentvalet på 65,3 % - lågare enn i førre runde på same tidspunkt. Belgiske medier at Emmanuel Macron ligg an til å få over 60 % av stemmene.

TOPSHOT-FRANCE2017-VOTE

Dei 66.546 vallokala opna søndag morgon kl. 8 og stenger kl. 19 nokre stader, og kl. 20 andre stader, bl.a. i dei største byane. Her er ein mann i ferd med å avlegge si stemme i Biville-la-Baignarde, Normandie.

Foto: MLADEN ANTONOV / AFP

Valdeltakinga i første runde av presidentvalet, for to veker sidan, var på 69,42 % på same tidspunkt. Då enda den endelege valdeltakinga på 77,8 %. Ikkje sidan 1969 har valdeltakinga vore lågare i andre enn i første runde.

Mykje spenning er knytt til valdeltakinga ettersom det er mange usikre veljarar i valet, ikkje minst etter at mange sine førsteval gjekk ut av valet i første runde.

Fleire har teke til orde for «ni-ni» har blitt eit populært standpunkt dei siste vekene - som vil seie verken-eller. Mange har sagt at dei vil stemme blankt eller avstå frå å stemme i eit val som blir sett på som eit mellom pest og kolera.

Evakuering av Louvre

Valet har stort sett gått roleg føre seg trass i ei hending ved Louvre-museet i Paris, som blei evakuert etter eit funn av ein mistenkeleg bag.

Det er på plassen framfor det kjende museet Emmanuel Macron har planar om å feire sigeren om han blir kveldens vinnar og Frankrikes neste president. Målingane tyder på at dette vil bli tilfelle; dei siste anslår at 62 prosent av stemmene vil gå til Macron.

På fredag blei valkampen hans utsett for hacking, men dette skjedde like før valkampen offisielt var over, og franske medier har hatt forbod mot å skrive om dette.

France Election

Etter fleire terrorangrep og med eit land i unntakstilstand er det gjort mykje for å trygge dagens val. Rundt 50.000 politifolk er utplassert rundt om i landet.

Foto: Kamil Zihnioglu / AP

Begge kandidatane har stemt

Den belgiske avisa Le Soir skriv at tre ulike valdagsmålingar gir Macron ein oppslutnad på over 60 prosent. I Frankrike er det ikkje tillate å publisere valdagsmålingar eller prognosar før stemmelokala stenger, men franskspråklege medium i Belgia har for vane å gjere dette. Opplysingane er ikkje stadfesta av andre kjelder.

TOPSHOT-FRANCE2017-VOTE

Emmanuel Macron avla si stemme i Le Touquet nord i Frankrike søndag føremiddag.

Foto: CHRISTOPHE ENA / AFP

Begge kandidatane avla sine stemmer nord i Frankrike tidlegare i dag. Emmanuel Macron saman med kona Brigitte i Le Touquet, og Marine Le Pen i Hénin-Beaumont saman med ordføraren i byen, Steeve Briois.

Då Le Pen like etter første runde trakk seg som leiar for partiet for å konsentrere seg om valkampen tok Briois over som midlertidig leiar.

Demonstrasjonar og boikott av Nasjonal Front

Som i førre valomgang var aktivistgruppa Femen til stades for å vise sin motstand mot Le Pen. Dei hang opp eit stort banner på ei kyrkje, men blei raskt arresterte av politiet.

FRANCE2017-VOTE-DEMO

Aktivistgruppa Femen dekorerte kyrkja i Hénin-Beaumont – så lenge det varte. "Marine ved makta, Marine ved håpløysa" kunne ein lese frå det store banneret.

Foto: ALAIN JOCARD / AFP

Avisa Libération, som har teke sterk avstand frå Marine Le Pen, melde søndag ettermiddag at dei vil boikotte valvaka til det dei omtaler som eit høgreekstremt parti, etter meldingar om at ei rekke medium har blitt nekta innpass på valvaka. Desse antidemokratiske handlingane som går imot informasjonsfridommen må ta slutt, skriv avisa i sin live-stream.

SISTE NYTT

Siste nytt