Hopp til innhold

- Kongo er eit nytt Rwanda

Hotelldirektøren som redda nær 1300 personar frå folkemordet i Rwanda rettar krass kritikk mot FN-innsatsen i Kongo.

Paul Rusesabagina
Foto: Nyhetsspiller / Scanpix/AP

Den tidlegare hotelldirektøren Paul Rusesabagina heldt i dag foredrag om Rwanda ved Norsk Utanrikspolitisk Institutt (NUPI) i Oslo.

Han jamfører det som skjedde i Rwanda med det som no skjer i Kongo.

- I Rwanda vart ein million personar drepne i løpet av tre månader og resten av verda lukka augo og øyrer. I Kongo har meir enn fem millionar personar vorte drepne i løpet av dei ti siste åra. Spørsmålet er kvifor det internasjonale samfunnet står og ser på kva som skjer, utan å gjere noko for å stoppe det, seier han.

Video nsps_upload_2008_12_11_17_19_16_3413.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Video: Møt hotelleieren fra Rwanda.

Les også: Tragedien i Kongo

Redda 1268 personar

Rusesabagina vart verdskjend med filmen Hotel Rwanda, som fortel historia om korleis han verna 1268 tutsiar og moderate hutuar på luksushotellet Milles Colines under folkemordet i Rwanda sommaren 1994.

Når ein million tutsiar og politisk moderate hutuar vart drepne i folkemordet, som vart leidd av ekstreme hutuar. Dette skjedde medan FN-styrkane stod og såg på, fordi dei ikkje fekk lov til å trekkje våpen.

I mars 1996 vart det lagt fram ein rapport som slo fast at folkemordet kunne ha vore stoppa dersom det internasjonale samfunnet hadde reagert på dei klare varslingane om blodbadet som var under oppsegling.

Filmen Hotel Rwanda fortel korleis Paul Rusesabagina med kløkt og overtalingsevner greidde å verne dei FN svikta.

- FN må endrast

I Oslo i dag åtvara Rusesabagina om at eit liknande folkemord er i ferd med å skje igjen i Kongo.

250 000 personar er i dag på flukt i Aust-Kongo. FN-styrken på 17.000 rekk ikkje over mykje i eit land på storleik med Vest-Europa.

Samstundes held den blodige konflikten mellom hutuar og tutsiar i Kongo fram. Ifølgje ein FN-rapport som kom i dag, får tutsi-generalen Laurent Nkunda direkte støtte frå regjeringa i Rwanda både i form av våpen og pengar.

Verda ville ikkje ha lete dette skje nokon annan stad enn i Afrika, meiner Paul Rusesabagina.

- I Afrika er FN sitt oppdrag å kome og stå å sjå på. Etterpå seier dei at dei har sett folk slakte kvarandre. Dette rapporterer dei til New York og så er deira jobb gjort.

Vesten gjekk inn i det tidlegare Jugoslavia, tok Milosevic og førte han til Haag. Det var den beste løysinga i det tilfelle, men når det gjeld Afrika så bryr ein seg ikkje.

Paul Rusesabagina

- FN må endrast fullstendig. Eg ønskjer at FN-styrken vert slik som NATO, slik at dei kan intervenere når det er naudsynt. Det er noko gale her.

Les også: Låtskriver dømt for folkemord

SISTE NYTT

Siste nytt