Hopp til innhold

Mot dyrare øl og tobakk i Danmark

Regjeringa i Danmark ønskjer å auka avgiftene på øl, vin og usunne matvarer for å henta inn 1,26 mrd. danske kroner til staten i løpet av dei to neste åra.

Mann drikker øl

Det blir dyrare å vera norsk i Danmark frå neste år. Regjeringa vil skru opp prisane på øl, vin søtsaker og tobakk.

Foto: Bjørnflaten, Thomas / SCANPIX

Regjeringa vil at danskane skal leva lenger. Difor blir det frå den 1.januar neste år dyrare å drikka vin, øl, eta søtsaker og å røykja i Danmark.

– Det sunne valet skal vera det enklaste, og det usunne valet dyrare. Det er naudsynt dersom me vil sikra danskane fleire leveår, seier sunnheits- og førebyggingsminister Astrid Krag, ifølgje avisa Politiken.

Øl-avgifta opp 25 prosent

Forslaget om å auka avgiftene blir lagt fram av den danske finansministeren torsdag, ifølgje Danmarks Radio.

Avgifta på øl skal ifølgje den nye finanslova stiga med 25 prosent. Dermed blir prisen på ein kasse øl 147 danske kroner, opp sju kroner frå dagens pris. For ei vinflaske må ein ut med tre kroner meir.

Sjokolade og andre søtsaker blir også dyrare. Kiloprisen på sjokolade stig blant med seks danske kroner.

Prisen på ein sigarettar vil også stiga, men her er avgiftsauken meir moderat. Ein sigarettpakke vil kosta 42 danske kroner etter avgiftsauken, tre kroner meir enn i dag.

SISTE NYTT

Siste nytt