NRK Meny
Normal

Moské vandalisert på Vestbreidda

Seks væpna menn skal ha spraya ein moské på Vestbredden med slagord før dei sette fyr på han.

Video Moské vandalisert på Vestbredden

Moskeen i landsbyen Beit Fajjar vart ifølgje palestinske augevitne vandalisert av israelske busettarar.

Dei seks skal ha køyrt inn i landsbyen Beit Fajjar natt til i dag og vandalisert moskéen, ifølgje palestinske augevitne.

Augevitna fortel også at dei seks mennene var israelske busettarar.

Ein talsperson for det israelske politiet seier hendinga blir etterforska, men vil ikkje seie nokon ting om at det skal ha vore israelske busettarar som stod bak.

Striden rundt dei israelske busettingane har hamna i sentrum av dei nye fredsforhandlingane mellom Israel og Palestina.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt