Hopp til innhold

Morsi tiltalt for terrorplanlegging - risikerer dødsstraff

Den egyptiske påtalemakta har tiltalt den avsette presidenten Mohamed Morsi for blant anna å ha planlagt terror i Egypt i samarbeid med utanlandske grupper som Hamas og Hizbollah.

Morsi-tilhengjarar demonstrerer dagleg på Ain Shams-universitetet i Kairo

Ved Ain Shams-universitetet i Kairo demonstrerer kvar dag tilhengjarar av den avsette presidenten Mohamed Morsi.

Foto: STRINGER / Reuters

Morsi er saman med 35 andre islamistar frå Den muslimske brorskapen, tiltalte for å ha delteke i ein konspirasjon med utanlandske grupperingar med eit mål om å gjennomføre terroraksjonar i Egypt. I tillegg er dei også tiltalte for å ha avslørt militære løyndomar til ein framand stat.

Dersom Morsi og dei andre islamistane blir funne skuldig i tiltalepunkta, risikerer dei dødsstraff.

Fleire rettssaker

Egypts avsette president Mohamed Morsi.

Mohamed Morsi har fått endå eit alvorleg tiltalepunkt mot seg. Han risikerer dødsstraff om han blir funnen skuldig.

Foto: KHALED DESOUKI / Afp

Mohamed Morsi er frå før tiltalt for å ha oppfordra til valdsbruk under protestane utanfor presidentpalasset for eitt år sidan. Denne rettssaka er utsett til ein gong på nyåret.

Morsi vart avsett av den egyptiske hæren i juli i år, etter massedemonstrasjonar mot han og den islamistdominerte regjeringa hans. Han sit fengsla på ukjend stad.

I ei fråsegn frå den egyptiske riksadvokaten heiter det at Den muslimske brorskapen har gjort seg skuldig i valdsbruk og terror i Egypt, og at organisasjonen hadde førebudd ein «terrorplan» der dei islamistiske gruppene Hamas og Hizbollah var involverte.

LES OGSÅ: Frykter for farselignende rettssak

LES OGSÅ: Morsi vil saksøke militæret for kuppet

– Størst i Egypts historie

I fråsegna heiter det at dette er «den største samansverjingssaka i Egypts historie», og at Den muslimske brorskapen har stått bak angrep på egyptiske tryggingsstyrkar på Sinaihalvøya etter at Morsi vart avsett 3. juli. Målet med desse angrepa var å få Morsi tilbake som president, og å få Egypt tilbake i Den muslimske brorskapen sitt grep, heiter det i tiltalen.

Ifølgje den egyptiske påtalemakta hadde Den muslimske brorskapen i 2005 skissert planar om å sende «element» til Gazastripa for å bli trent opp av Hizbollah og den iranske revolusjonsgarden. Planen skulle ha vore å slå seg saman med ekstremistgrupper i det nordlege Sinai etter opplæringsperioden.

Mohamed Badie

Mohamed Badie er blant brorskapstoppane som er tiltalte i den nye saka.

Foto: ASMAA WAGUIH / Reuters

I fråsegna frå riksadvokaten heiter det vidare at Morsis rådgjevarar medan han var president, blant dei den nasjonale tryggingsrådgjevaren Essam al-Haddad, har leke hemmeleg informasjon til den iranske revolusjonsgarden og libanesiske Hizbollah, som takk for samarbeidet.

LES OGSÅ: Politiet brukte tåregass mot studenter på Tahrirplassen

LES OGSÅ: Revolusjonens frontfigurer bak lås og slå

Mange er på flukt

Mohammed al-Damaty, ein av forsvarsadvokatane til Den muslimske brorskapen, seier i ein kommentar at han ikkje har sett detaljane i tiltalen mot Morsi og dei 35 andre islamistane. Minst 17 av dei 35 brorskapsmedlemene som er ramma av tiltalen, er på flukt.

Blant dei tiltalte er fleire toppfigurar i Den muslimske brorskapen, blant andre Mohamed Badie

Korkje Hamas på Gazastripa, den libanesiske Hizbollah-organisasjonen eller iranske styresmakter har hittil kommentert den oppsiktsvekkjande tiltalen mot den avsette egyptiske presidenten Mohamed Morsi.

LES OGSÅ: Slår også til mot ikke-islamister i Egypt

SISTE NYTT

Siste nytt