NRK Meny
Normal

Morsi avviser utanlandsk invervensjon i Syria

Egypts nyvalde president Mohamed Morsi sa i talen sin i FNs hovudforsamling i ettermiddag at han er motstandar av ein utanlandsk militær intervensjon i Syria.

Mohamad Morsi på talarstolen i FN.

Egypts president Mohamed Morsi heldt sin første tale i FNs hovudforsamling i ettermiddag.

Foto: Jason DeCrow / Ap

Han sa at Egypt vil halde fram arbeider for å få til ei forhandlingsløysing på borgarkrigen i nabolandet.

– Alle grupper må med

– Egypt er forplikta til å halde fram arbeidet med å få ein slutt på katastrofen i Syria, innanfor eit arabisk, regionalt og internasjonalt rammeverk, sa Morsi i debuttalen sin i FN.

Han gjorde det klart at ein avtale om Syria må involvere alle fraksjonar av det syriske folket, utan rasemessig, religiøs eller sekterisk diskriminering.

Morsi gjorde det klart at han ikkje kjem til å unne seg kvile før det er funne ei fredeleg løysing på problema i Syria.

Fordømde Muhammed-film

I talen sin kom Morsi, som har bakgrunn frå Den muslimske brorskapen i Egypt, med ei sterk fordømming av den amerikanske filmen om Muhammed, som har ført til store demonstrasjonar i massiv uro i mange land.

Men den egyptiske presidenten tok også avstand frå valdshandlingane som skjedde i arabiske land i kjølvatnet av videosnutten frå filmen, også drapa på fire amerikanske diplomatar i Benghazi i Libya.

Morsi opna talen sin i hovudforsamlinga med å markere at han faktisk er den første demokratisk valde leiaren i Egypt.

LES OGSÅ: USAs ambassade i Kairo beleiret

LES OGSÅ: – Noen vet ikke en gang hva de demonstrerer mot

LES OGSÅ: - Norske soldater og diplomater på vakt

LES OGSÅ: «Benghazigate» – en tidlig oktoberoverraskelse

LES OGSÅ: – Angrepet kunne ikke vært hindret

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt