Hopp til innhold
Korrespondentbrev

Mora ser skremd ut, og seier at sonen ikkje kan koma heim denne kvelden

Hongkong er djupt splitta etter tre månadar med demonstrasjonar. Fung (22) står på barrikadane – faren Naam har vore politimann heile yrkeslivet.

"Fung" er førsthjelpar i Hongkong

KOLLISJONSKURS: Førstehjelparen Fung støtter opp om demonstrasjonene i Hongkong, og er difor på kollisjonskurs med faren, som er tidlegare politi.

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

Fung (22) forstår det er alvor då han ser mora sitt andlet. Ho ser skremd ut, og seier at han ikkje kan koma heim denne kvelden, men må dra til tanta og sova der ei natt eller to.

Faren, Naam, har fått vita at sonen igjen har vore tett på demonstrasjonane i Hongkong. Han er så arg at mora blir engsteleg.

Naam har bedt kona overlevera beskjeden om at sonen skal halda seg unna heimen denne kvelden. Fordi han kjenner det koker over.

Kva er det med desse demonstrantane og deira tåpelege krav? Og korfor må sonen på død og liv væra ein del av denne galskapen?

Naam veit ikkje kva som gjer han mest sint. Om det er fordi sonen ikkje tar i mot velmeinte råd om å halda seg unna, eller om det er fordi han ikkje forstår kor dumt det er å ta del, og kor nyttelaust det er.

Mest av alt er han redd for at noko skal henda sonen.

Skjellsord

I nesten 40 år har Naam jobba som politi i Hongkong, men er nyleg blitt pensjonist. Han har sjølv vore i heftige situasjonar som tidlegare protestar og han har arrestert farlege narkotikabaronar.

Aldri har han sett byen i ein verre tilstand enn no.

Demonstranter bruker laserpenner mot politiet

LASERPENN: Politiet meiner at demonstrantane sin bruk av laserpennar under demonstrasjonane er farleg

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

Politiet i Hongkong har lenge vore høgt respektert i samfunnet, men i det siste har dei blitt sterkt kritiserte for den hardhendte måten dei har takla demonstrantane på.

Men Naam er stolt over yrket og over jobben kollegaene gjer, også no når skjellsord som «søppel» haglar over dei i felt.

Han meiner at tåregass, gummikuler og batongar må til for å hindra protestane i å bli verre. Når demonstrantane okkuperer t-banestasjonar, set fyr på gatene, kastar brannbomber, og gjer alvorleg hærverk, har dei ikkje anna val.

Politiet tar seg ein kvil

KVILER: Ekspolitimannen Naam fortel at hans kollegaer har hatt 12-timers vakter sidan demonstrasjonene byrja i juni, og at det no er fare for at dei blir så slitne at dei kan ta dårlege avgjersler i felt.

Foto: CARLOS BARRIA

Eit kall

Sonen er rake motsetninga. Han er rasande på politiet og det han meiner er brutal maktmisbruk. Det er greitt for han at demonstrantar blir straffa for lovbrot, men politiet må også bli stilt til ansvar.

Fung er student og var på sin første ulovlege protest i juni denne sommaren. Demonstrantar hadde okkupert ei gate i byen, og han stilte seg saman med eit førstehjelpskorps for å hjelpa til om nokon blei skadde.

Då politiet skaut tåregass på demonstrantane og jaga dei nedover vegen blei han redd og sprang for livet. Med hjarta i halsen vende han heim før det blei kveld.

Likevel blei dette hans kall.

Fleire gonger i veka kler han seg i refleksvest tydeleg merka med førstehjelp. Gassmaske og hjelm er blitt ein viktig del av utrustinga. Han har kurs i å redda liv og i sekken har han utstyret som skal til. Saman med likesinna drar han til frontlinja, der protestane fort kan bli til samanstøytar med politiet.

Det er her han kjenner at han kan bidra til demonstrantane sitt opprop: «Frigjer Hongkong. Revolusjon i vår tid.»

Opprørspoliti på t-banen

PÅ T-BANEN: Politi og sivile på T-banen

Foto: KAI PFAFFENBACH / SCANPIX

– Siste sjanse

Fung er einig med mange av demonstrantane i at protestane mot dei lokale styresmaktene er deira siste sjanse. Får dei ikkje gjennomslag no er slaget tapt.

Dei fryktar at styresmaktene i Kina skal få eit sterkare grep på samfunnet, at Hongkong skal bli ein vanleg kinesisk by, og at dei mister ytringsfridomen. Nokre seier dei er villige til å bøta med livet for saka.

Då byens leiar Carrie Lam etter tre månadar endeleg gjekk med på å formelt skrinleggja lovforslaget om utlevering av kriminelle, var det for seint å stansa protestrørsla. No nektar demonstrantane å gi seg før dei neste fire krava på lista blir innfridde.

Dei krev ei uavhengig gransking av politivald, at alle arresterte demonstrantar blir satt fri, at skildringa av protestar i juni som opptøyar blir stroke, og at dei på fritt demokratisk vis får avgjera kven som skal vera leiaren i Hongkong.

Eitt av demonstrantene sine fem krav er innfridd

FEM KRAV: Demonstrantene har fått innfridd eitt av sine fem krav, og kjempar no for dei neste fire.

Foto: Kin Cheung

– Grunnlaus fantasi

Faren til Fung meiner demonstrantane uroar seg unødig og at deira frykt for styresmaktene i Beijing er basert på ein grunnlaus fantasi. Han er ikkje redd for at dei skal mista ytringsfridomen i Hongkong.

Naam støtta lovforslaget om utlevering fordi Hongkong elles er eit smotthol for kriminelle, og han meiner at det ikkje var nokon overhengande fare for at Beijing ville utnytta lova til å råka politisk opposisjonelle.

Han meiner at mange av demonstrantane ikkje har satt seg grundig inn i krava, og berre følgjer straumen, men at nokre få av dei trekk i trådane for å oppnå det største kravet, nemleg frie val i Hongkong.

Han presiserer at dette ikkje noko dei lokale styresmaktene kan innfri, for akkurat den saka er det Beijing som avgjer.

Demonstranter setter fyr på barrikader

I BRANN: Demonstrantar set fyr på barrikadar i byen

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

Vond spiral

Imens er byen fanga i ein vond spiral. I byrjinga tok ein og to millionar menneske til gatene i fredelege protestar. Då dei ikkje blei høyrde blei metodane meir dramatiske, og dess meir vald politiet no bruker mot demonstrantane, dess verre blir protestane.

Fung har sett mange skadde som ikkje tør å dra på sjukehuset fordi demonstrantar er blitt arresterte der. Det meiner Fung er sprøtt. Han vil hjelpa dei, slik at tilstanden deira ikkje blir verre.

Framleis fryktar han å bli arrestert. Han blei førstehjelpar også av den grunn, fordi det er ei gråsone. Om han blir tatt kan han forklara dommaren at han er på gata for å hjelpa, uansett kven den skadde skulle væra, demonstrant, politi, eller forbipasserande.

Det er sant. Kanskje han då slepp billigare unna.

Likevel veit både han og faren at det har hardna seg til. No avviser politiet dei fleste søknadane om demonstrasjonar, slik at dei fleste protestane er ulovlege.

Rundt 1200 aktivistar er blitt arresterte og Fung trur ikkje lenger at politiet ser forskjell. Om han som førstehjelpar er midt i kaoset risikerer også han å bli lagt i bakken.

Førstehjelparar i Hongkong

FØRSTEHJELPSFOLK: Dei utstyrer seg med gassmasker, hjelmer og førstehjelpsutstyr for å trå til når folk blir skadde i protestane.

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

Tett på

Naam erkjenner at han ikkje kan få Fung til å halda seg unna gatene, men sluttar ikkje å engsta seg for han.

Når faren forstår at ein politiaksjon er på trappene ber han kona sende melding til Fung, med beskjed om å koma seg til ein trygg plass.

Han veit at Fung ikkje høyrer på han. Difor bruker han mora eller dottera som kanal, for dei er meir på bølgjelengde med sonen.

Som eks-politi er han tett på politiet sine metodar. Dei går alltid går etter dei som er i første rekke. Dei som er mest aktive. Difor bør sonen ikkje vera der når det smell.

Tåregass skytes mot demonstranter

TÅREGASS: Politiet har ofte brukt tåregass mot demonstrantane i Hongkong siden protestane byrja i juni

Foto: AMR ABDALLAH DALSH / Reuters

Pensjonisten har tillit til kollegaene sin profesjonalitet, men no har dei gått 12-timars skift i fleire månadar. Han er redd dei skal bli så slitne at dei tar dårlege avgjersler.

Kaoset i byen var heilt utenkeleg før sommaren, og situasjonen eskalerer fort.

Fung trur kanskje han ville ha vore ein ekte demonstrant om faren ikkje var eks-politi, men han er meir usikker på om han ville ha vore ein av dei mest radikale, som kastar murstein på politiet og sett fyr på gatene. Om situasjonen blir verre gjer han kanskje likevel det.

Kinesiske tegn

TEIKN: Dei to kinesiske teikna for Hongkong (th) får ei anna meining når det blir snudd på sida. Då blir det «jia you», som betyr stå på.

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

På tå hev

I heimen går far og son på tå hev for kvarandre.

Fung har gitt opp å overtyda faren om at Hongkong treng ein revolusjon. Og Naam har forstått at det ikkje nyttar å fortelja sonen at han er på villspor.

Folk synger på et kjøpesenter til støtte for lokale myndigheter

PATRIOTAR: Folk som støtter dei lokale styresmaktene, politiet, og er positive til det kinesiske regimet, syng patriotiske sangar på eit kjøpesenter i Hongkong.

Foto: Vincent Yu / Vincent Yu

Pensjonisten hugsar tilbake til då han sjølv var ein ung mann og ikkje hadde interesse av å høyra på sine foreldre. Difor seier han lite. Til tider går han ut av huset for at det ikkje skal bli diskusjon.

Andre gonger opplever Fung at faren høglydt kommenterer nyheiter om protestane på TV, der han klager over at demonstrantane skakkjører samfunnet.

Fung trur meininga er at både han og søstera indirekte skal høyra faren sitt syn på saka.

Studenten fortel at mora er den i familien som ikkje har tatt eit klart standpunkt. Han tolkar henne slik at ho ønskjer harmoni. Ho vil at alle skal bli nøgde.

«Monster»

Familien er ikkje den einaste som slit med ulike meiningar. Nyleg blei informasjonstavla i eit bustadområde for polititenestemenn pryda med ei stor svart plakat der politiet blir sagt å vera monster som slår sivile til blods med sine køller, og at ein katastrofe vil råka deira koner og born.

Tagging i Hongkong

TAGGING: Demonstrantane frykter at dei skal mista ytringsfridomen dei er blitt vande med i Hongkong

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

I ettertid viser det seg at overvakingskamera har fanga opp ein politimann si dotter og kjærasten, då dei hang opp plakaten.

Naam har fleire kollegaer som har straffa sine born med å setja dei på gata. Då blir dei heimlause.

Å bli kasta ut av huset, eller at han flyttar ut fordi han ikkje makter å bu heime er det verste som kan skje, meiner Fung.

Her er far og son samde. Bustadkrisa i Hongkong er så alvorleg at ungdommane ikkje ser at ein vanleg jobb kan sikra dei tak over hovudet.

BUSTAD: I Hongkong er det så dyrt å skaffa leiligheit at ungdommar ikkje kan få kjøpt ein plass å bu

BUSTAD: I Hongkong er det så dyrt å skaffa leiligheit at ungdommar ikkje kan få kjøpt ein plass å bu med vanleg løn.

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

Ein familie

Det er noko av grunnen til at ein heil generasjon er frustrert, og dei lokale styresmaktene har så langt ikkje vist evne til å gi dei håp for framtida.

Familien har aldri investert i leilegheit, fordi det er for dyrt. Fram til no har politietaten sikra dei tak over hovudet, men etter at Naam blei pensjonist ventar dei på offentleg bustad. Sparepengane har foreldra brukt på borna sin utdanning.

Naam veit at om han setter sonen på gata aukar sjansen for at det går han ille. Det er det motsette av det han vil.

Han ville at Fung skulle vita at han kan kasta han ut. Han ville at han skulle smaka på det.

Men det blei med den eine natta.

Trass alt er dei ein familie, og det er det viktigaste av alt.

NRK har møtt og intervjua far og son kvar for seg i Hongkong, men premissane for intervjua var at deira eigentlege namn ikkje skulle brukast, fordi dei båe opplever situasjonen som sensitiv. Naam og Fung er altså ikkje deira eigentlege namn.

NRK i Hongkong

I FELT: NRK har møtt Fung som er for revolusjon i Hongkong, og faren Naam som er i mot.

Foto: Fang Yongbin / NRK

SISTE NYTT

Siste nytt