Hopp til innhold

Hevdar mora til Boston-bombarane var på terrorlista til CIA

Foreldra meiner sjølv dei er blitt utsett for eit komplott av amerikanske styresmakter.

Anzor Tsarnaev og Zubeidat Tsarnaeva

Anzor Tsarnaev og Zubeidat Tsarnaeva er foreldra til dei to brørne sikta for Boston-terroren. Dei stilte opp på ein pressekonferanse i går saman med tanta Patimat.

Foto: Afp

To anonyme kjelder frå amerikanske styresmakter seier at Zubeidat Tsarnaeva, mora til dei to brørne sikta for Boston Marathon-terroren, også var på CIA si lista over terrormistenkte.

Ho skal ha blitt ført opp her 18 månader før terroråtaket skjedde, melder nyheitsbyrået Ap.

Dei skal ha hamna på lista etter at amerikanske styresmakter vart kontakta av Russland i 2011 med bekymringsmeldinger om familien var militante islamistar.

Denne lista inneheld over 500.000 personar, og kriteria for å hamne på lista er svært vide.

Seks månader etter at dei hamna på terrorlista skal FBI ha avhøyrt mora og sonen, etter oppmoding frå Russland. FBI skal ikkje då ha funne noko band til terrorisme.

– Utsett for komplott

Mora nektar for ein kvar link til terrorisme i eit intervju med nyheitsbyrået Ap i dag.

– Dette er løgn og hykleri. Eg er sjuk og lei av alle usanningane dei finn på om meg og borna mine. Alle kjenner meg som ein heilt vanleg person, og eg har aldri blanda meg inn i noko kriminalitet, og spesielt ikkje noko som har med terrorisme å gjere, seier kvinna.

Foreldra til brørne stilte i går opp på ein pressekonferanse i byen Makhachkala i Russland i går der dei insisterte på at sonene var uskuldige og ikkje hadde nokon kontakt med dei radikale islamistane. Det var ein pressekonferanse prega av sterke kjensler, ifølgje New York Times. Mora til dei sikta brørne nekta for med veldig intensitet om ho ville erkjenne at sonene kunne vere skuldige.

– Nei, eg kan ikkje – og vil ikkje. Aldri!

Svara foreldra gav var prega av at dei meiner amerikanske styresmakter har lurt familien inn i eit komplott.

Seier ho vart oppsøkt av FBI

Ho fortalte at FBI hadde møtt opp til familien sin heim i Massachusetts for å spørje mora om sonen Tamerlan, og for å finne ut kva religiøst syn han hadde.

– Dei sa til meg, «trur du ikkje at Tamerlan er litt ekstrem når det kjem til religion? Ser du noko aggresjon i han?» – Nei, det gjorde eg ikkje, sa kvinna.

– Eg ville skrike, skrike til heile verda: Kva har dykk gjort? Kva har dykk gjort med sonen min? Han var i live. Kvifor måtte dei drepe han? Han var jo i deira hender, sa den sterkt prega mora.

Tidlegare denne veka sa kvinna at ho har fått forsikringar frå advokatar om at ho ikkje vil bli arrestert dersom ho reiser til USA. Men ho har ikkje bestemt seg om ho vil dette. Faren, Anzor Tsarnaev, har derimot sagt han kjem til å reise til USA.

Eit team med etterforskarar frå den amerikanske ambassaden i Moskva har avhøyrt begge foreldra tidlegare denne veka.

I går var det også hevda at dei to brørne hadde planar om å detonere ei bombe på Times Square i New York.

SISTE NYTT

Siste nytt