Hopp til innhold

Mor til drapsmannen med bodskap til offera sine familiar

Mora til Aaron Alexis, Cathleen, har lese inn ei kjensleladd fråsegn til dei etterlatne etter drapa sonen hennar gjennomførde på ein marinebase i Washington måndag.

Biskopane Gerald Seabrooks (t.h). og Willie Billops.

Biskopane Gerald Seabrooks (t.h.) og Willie Billops leste opp fråsegna frå mor til Aaron Alexis i Brooklyn i dag.

Foto: Seth Wenig / Ap

«Sonen vår, Aaron Alexis, har drepe 12 menneske og såra mange andre». Familiane til offera vil leve med det som skjedde for alltid. Eg veit ikkje kvifor

Aaron Alexis er peika ut som gjerningsmann i massakren i Washington DC.

Aaron Alexis vart drepen i ei skotveksling med politiet, etter at han hadde teke livet av 12 menneske inne på marinebasen.

Foto: HANDOUT / Reuters

sonen min gjorde det han gjorde, og eg vil aldri få sjansen til å spørje han. Aaron er no på ein stad der han ikkje lenger kan skade andre. Det er eg glad for. Til familiane vil ei seie: Eg er svært lei meg for det som skjedde. Eg er fullstendig knust.»

Motivet ei gåte

Det kjem fram stadig nye detaljar om det skjedde på Washington Navy Yard sist måndag, men motivet for massedrapet er framleis ei gåte. Den amerikanske marinen har starta gransking av kvifor ikkje Alexis si historie med psykiske problem , og at han har vore arrestert for ulovleg våpenbruk, ikkje vart fanga opp.

Aaron Alexis fekk avskjed i nåde frå marinen i 2011, men ein talsmann for marinen, John Kirby, seier at han var langt frå nokon mønstersoldat. Han gjorde seg likevel ikkje skuldig i regelbrot som skulle tyde på at han var i stand til å gjere det han gjorde måndag, seier han til CNN.

Seks av dei drepne frå marinebasen i Washington.

Seks av dei drepne frå Washington-massakren. Oppe frå v. Mary Francis Knight, Kathy Gaarde, Martin Bodrog. Framme frå venstre John Roger Johnson, Frank Kohler og Vishnu Pandit.

Foto: AP

Alexis vart sparka frå marinen på grunn av fleire disiplinærstraffer, men fordi han tilbaud seg å seie opp sjølv fekk han endra status til avskjed i nåde. Han miste ikkje tryggingsklareringane si, og det gjekk ikkje lang tid før han fekk seg jobb i det Florida-baserte IT-selskapet The Experts.

Kjøpte hagle i Virginia

Skyting på marinebase i Washington.

Folk trøysta kvarandre så best dei kunne etter skytedramaet.

Foto: Alex Brandon / Ap

Her har han jobba på diverse med å oppdatere marinen sine datasystem ved fleire marinebasar, og han hadde jobba på Washington Navy Yard bere nokre få dagar då skytinga skjedde.

Det er klart at Aaron Alexis kjøpte ei Remington 870 hagle og skot i ein våpenbutikk i nabostaten Virginia, berre nokre få kilometer frå marinebasen i Washington.

Overvakingskamera har vist at då Alexis gjekk inn i bygningen der massakren skjedde, hadde han med seg ein liten bag. Politiet trur han hadde den demonterte hagla og ammunisjonen i denne bagen.

Overvakingskamera viser også at han gjekk inn på eit toalett, og at han kom ut med hagla i handa .

– Roleg og fatta

Denise Robinson, som arbeider i bygningen, seier til CNN at ho møtte Alexis, og at ho hugsar det kalde blikket hans.

– Han såg svært roleg og fatta ut. Han såg ikkje sint ut, og han såg heller ikkje ut til å vere ute etter å drepe, seier ho.

Skyting ved Washington Navy Yard.

Skytinga ved Washington Navy Yard har fått styresmaktene til å gå gjennom rutinane for tryggleik.

Foto: MARK WILSON / Afp

Det er klart at politiet i den amerikanske delstaten Rhode Island sist månad åtvara marinen om at Aaron Alexis under samtale med ein psykolog hadde fortalt at han høyrde stemmer.

Han hadde fortalt ei merkverdig historie om fleire personar som han tidlegare hadde krangla med, no forfølgde han og snakka til han gjennom veggar. Dei brukte også elektroniske bølgjer for å hindre han i å sove, hadde han fortalt.

Sjukehus for veteranar

CNN melder at Alexis hadde kontakt med to sjukehus for veteranar for å be om psykiatrisk hjelp, men veteranorganisasjonen seier i kveld at han aldri fortalde om psykiske problem. Han kom til oss for å få hjelp fordi han hadde problem med å sove om natta, heiter det i ei fråsegn frå Veteran Affairs.

Det amerikanske forsvarsdepartementet Pentagon lovar å gå gjennom tryggleiksrutinane ved amerikanske militæranlegg over heile verda, og Det kvite hus lovar å gå gjennom krava til private selskap som får oppdrag hos militæret.

President Barack Obama ber om at Kongressen blir med på å endre våpenlovene i USA, slik at det blir vanskelegare å skaffe seg våpen.

LES OGSÅ: Attentatmannen i Washington kastet ut av marinen

LES OGSÅ: – Jeg er lettet over at det er over

SISTE NYTT

Siste nytt