Hopp til innhold

Cheerleader-mor skulda for å ha starta svertekampanje på nett

Ei amerikansk mor er skulda for å manipulere bilete av videoar av tre jenter for å sverte dei. Blir også stadig meir vanleg i Noreg, seier Slettmeg.no.

Cheerleaders

Cheerleading er ein populær idrett i USA. Illustrasjonsfoto.

Foto: JOE ROBBINS / AFP

Den 50 år gamle kvinna blei i førre veke sikta for å ha manipulert fleire bilete og videoar av tre jenter, slik at det såg ut som om dei drakk alkohol, røykte og var nakne.

Kvinna skal ha brukt såkalla «deepfake»-teknologi, der ein kan bytte ut ansikt i video og bilete. Teknologien blir stadig betre, og det kan vere vanskeleg å avsløre manipulasjonen.

50-åringen er sikta for tre tilfelle av trakassering og netthets mot barn, skriv politiet.

Avviser skuldingane

Dei tre jentene var på same cheerleader-lag som dottera, og målet med manipulasjonen skal ha vore å få dei sparka ut av laget og hjelpe dottera fram.

Ho er også skulda for å ha sendt dei manipulerte bileta til jentene, og sendt meldingar om at dei burde ta livet sitt.

Raffaela Spone

Raffaela Marie Spone er sikta for å netthets mot tre unge jenter. Ho avviser skuldingane.

Foto: HILLTOWN TOWNSHIP POLICE DEPARTMENT

Kvinna avviser skuldingane frå politiet.

– Ho har avvist alt dei har sikta henne for. Etter at saka blei kjent, har ho også blitt truga på livet. Ho har sjølv måtte oppsøke politiet. Livet hennar er snudd opp ned, seier advokaten hennar, Robert Birch, til CBS News.

Cheerleader-laget seier dei føler med alle dei involverte familiane, og at dei har nulltoleranse for mobbing.

Kan bli meir vanleg

Også i Noreg har det blitt stadig meir vanleg med svertekampanjar og mobbing på nett, men ikkje så spesielle som den i USA.

Den gratis rådgjevingstenesta Slettmeg.no får nesten dagleg nye meldingar om slike tilfelle, seier seniorrådgjevar Hans Marius Tessem.

– Vi ser at ein bruker falske Instagram- og Snapchat-kontoar for å publisere innhald som skal få eigaren til å sjå dum ut. Eller ein lagar falske kontoar for å innynde seg i enkelte miljø, for å hente ut informasjon.

Hans Marius Tessem, Slettmeg.no

Hans Marius Tessem i Slettmeg.no seier dei får stadig fleire saker der personar er utsett for svertekampanjar på nett.

Foto: Ole Martin Sponberg / NRK

Denne forma for mobbing kan vere straffbar også i Noreg. Og dersom nokon opplever at dei blir brukt på denne måten på nett, er det viktig å handle raskt, seier Tessem.

– Det er lurt å ta affære raskt, før det rekker å spreie seg. Går det viralt, kan det vere vanskeleg å stoppe.

Foreløpig er det få saker der «deepfake»-teknologien er brukt i Noreg, men Tessem trur dette er noko vi kan kome til å sjå også her til lands.

– Teknologien har blitt både enklare og betre. Dette liknar på den teknologien vi blant anna finn i filtra på Snapchat, så dette kjem vi nok til å sjå meir av, seier han.

SISTE NYTT

Siste nytt