Hopp til innhold

Monsunregn gjer livet verre for jordskjelvoffer

Hundre dagar etter eit kraftig jordskjelv tok livet av 8500 menneske og øydela 250 000 hus, gjer monsunregnet livet ekstra vanskeleg for dei som forsøker å kome seg på beina att.

Familiemedlemmergråter etter at en omkommet er hentet fram etter jordskred i Lumle i Nepal

SORG: Familiar er i sorg etter at 36 menneske er stadfesta døde etter jordskredet, som vart utløyst av monsunregnet i Nepal.

Foto: NAVESH CHITRAKAR / Reuters

Den akutte naudhjelpsfasen etter jordskjelvet i Nepal i april er over. Lokalsamfunnet førebur seg på å starte gjenoppbygging så snart monsunregnet er over.

Monsunregnet hindrar naudhjelp

For få dagar sidan grov hjelpearbeidarar ut sju døde kroppar frå ruinane etter eit jordskred. Medrekna dei sju, er 36 menneske stadfesta døde etter skredet, som vart utløyst av monsunregnet, skriv AFP.

Monsunregnet hindrar også levering av naudhjelp til fjellandsbyane som vart øydelagt av det massive jordskjelvet som råka Himalaya den 25. april.

– Mange mista alt

Veien er sperret etter jordskred i Lumle i Nepal

TOK VEGEN: Eit jordskred har stengd vegen i Nepal.

Foto: NAVESH CHITRAKAR / Reuters

Det er dei fattigaste som er hardast råka. Blant dei er det mange som er av anna minoritetsbakgrunn. Dei lev i mellombelse skur som er sett opp av presenning og bølgjeblekk, fortel Marit Sørheim i hjelpeorganisasjonen Caritas.

– Mange mista matlager og matreiskapar i skjelvet. Matmangel på kortare og lenger sikt kan verte ei utfordring, seier Sørheim.

Ho har nettopp vore i Nepal. Der besøkte ho distriktet Kavre, som er blant dei hardast råka områda etter skjelvet.

– Noko av det som gjorde mest inntrykk var pågangsmotet og styrken i den vanskelege situasjonen desse menneska levde i. Dei delar det vesle dei har, og arbeider hardt for å starte og byggje opp att liva sine, seier Sørheim.

Fokuserer på det positive

Ekteparet Ramesh Nepal (27) og Sunita (23) vil helst ikkje prate om kva som skjedde den første dagen jordskjelvet herja, seier dei til Caritas. Det var nemleg den dagen dei miste sine to små born, ein på tre år og ein som var ti månadar. I tillegg miste Ramesh si 71 år gamle mor.

Ramesh Nepal og Sunita Nepal

MISTA ALT: Sunita og Ramesh overlevde jordskjelvet, men mista to born og fleire familiemedlemmar. Her snakkar dei med generalsekretær i Caritas, Martha R. Skretteberg.

Foto: Gabriel Alphonsus Lee / CHARIS

– Eg høyrde dei skrike inne i huset og sprang for å finne nokon som kunne hjelpe meg med å få dei ut. Då me endeleg fann dei ein og ein halv time seinare, så var det for seint, fortel Ramesh.

No vel han og Sunita å fokusere på den hjelpen dei får og samle restane som er igjen etter den djupt tragiske hendinga. Dei bur i eit skur saman med geitene sine der det så vidt er plass til ei madrass.

– Det me er mest uroa for no, er kvar me skal bu i framtida og kvar me skal legge frå oss risen som skal haustast inn om eit par månadar, fortel ekteparet.

Hjelpa når fram

Organisasjonen Caritas har så langt hjelpt 300 000 menneske med mat, presenning, bølgjeblekk og naudhjelpsartiklar, fortel Marit Sørheim.

Bilder tatt av ødeleggelsene etter jordskjelvet i Nepal

– Hjelpa kjem fram og akutthjelp har kome fram over heile det jordskjelvråka området, først og fremst takka vere lokale organisasjonar og den enorme innsatsen frå nepalesarar sjølv, fortel ho.

Mange i Nepal fortel at deira viktigaste prioritet no er å få opp permanente, jordskjelvsikre hus og latrinar og lagringsplass for avlingane.

– I tillegg er det mange helsestasjonar og skular som har falt saman som no må byggast opp att, avsluttar ho.

SISTE NYTT

Siste nytt