NRK Meny
Normal

- Det mest fornedra mennesket i verda

Monica Lewinsky seier at ho etter at forholdet til dåverande president Bill Clinton vart kjent, vart ho det mest fornedra mennesket i verda.

CLINTON LEWINSKY

Bill Clinton og Monica Lewinsky i det ovale rom i Det kvite hus i 1998.

Foto: AP

Monica Lewinsky skriv i ein artikkel i Vanity Fair at ho angrar djupt og inderleg på at ho hadde eit seksuelt forhold til tidlegare president Bill Clinton.

Under tittelen «Skam og overleving» skriv den tidlegare frivillige i Det kvite hus både om forholdet til Bill Clinton og den vanskelege tida etter at forholdet vart kjent. Etter å ha halde seg unna all publisitet i ti år, meiner den no 40 år gamle kvinna at det er på tide å gå vidare.

Kjolen til Monica Lewinsky.

Denne kjolen var bevismateriale i riksrettssaka mot Bill Clinton.

Foto: HO / REUTERS

– Det er på tide å brenne alpelua og grave ned den blå kjolen, skriv ho, og viser til kleda hennar som vart brukte som bevismateriale i riksrettssaka mot Clinton.

Artikkelen blir publisert i Vanity Fair 9. mai, men magasinet la ut ei førehandssak i nettutgåva i dag.

Sjølvmordstankar

Ho fortel i artikkelen at ho hadde sterke sjølvmordstankar i perioden då det storma som verst rundt henne etter at forholdet til Clinton vart avslørt, og at ho også fekk tilbakefall ved minst eitt tilfelle seinare. Verst var det under politietterforskinga, fortel ho.

Lewinsky skriv at då forholdet hennar til Clinton vart kjent i 1998, så vart ho det mest audmjuka og fornedra mennesket i verda.

Monica Lewinsky i Oslo

Monica Lewinsky under eit besøk i Oslo i fjor.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

– Takka vere nettstaden Drudgereport.com vart eg truleg også den første personen i verda som opplevde at fornedringa av meg vart driven fram via Internett, skriv ho.

– Det kom likevel aldri så langt at eg faktisk gjorde forsøk på å ta livet mitt, men mor mi sat ved senga mi dag og natt i fleire veker fordi ho frykta at eg skulle gjere det, heiter det.

LES OGSÅ: - Det verste var å fortelle Hillary

LES OGSÅ: Lewinsky og Clinton sammen i Kina

Ikkje Clinton-pengar

Monica Lewinsky har vore så anonym dei siste ti åra, skriv ho i artikkelen, at det i mange kretsar har vore sagt at familien Clinton hadde betalt henne rundeleg for å få henne til å teie.

– Ingenting kunne vere lenger frå sanninga, skriv ho i artikkelen.

Lewinsky skriv at det no er på tide at ho sluttar å ta meir omsyn til andre menneske sine framtidsplanar, enn til seg sjølv.

– Eg er fast bestemt på å ein annan slutt på historia mi. Eg vil stikke hovudet ut av rustninga eg har bore dei siste åra, og eg vil ta tilbake initiativet i livet mitt. Eg vil gi fortida mi ei meining, og eg vil nok fort finne ut kva det vil koste meg, skriv ho, ifølgje førehandssaka i Vanity Fair.

LES OGSÅ: Er Clinton belastning for Clinton?

Bill Clinton og Monica Lewinski.

Forholdet mellom Bill Clinton og Monica Lewinsky var ein dei store skandalane på 1990-talet.

Foto: ALTAFFER/JONES / Ap

– Heilt frivillig

Ho slår fast at det ikkje var noko tvang i forholdet til Bill Clinton, ho kallar det eit forhold mellom to samtykkjande vaksne. Likevel meiner ho at den dåverande amerikanske presidenten utnytta henne.

– Misbruket kom etterpå. Då vart eg gjort til syndebukk for å verne hans maktposisjon, heiter det,

Vidare skriv ho at Clinton-administrasjonen, tenestemennene i riksrettssaka, dei politiske rådgjevarane på begge sider og media sette ein merkelapp på henne. Og denne merkelappen vart sitjande fordi det var makta som festa han, skriv ho i Vanity Fair.

Monica Lewinsky skriv at ho sa nei til tilbod om store pengar for å fortelje historia si, etter at forholdet til presidenten vart kjent. Ho sa nei til 10 millionar dollar (60 millionar kroner) fordi ho ikkje syntest det var det rette å gjere.

LES OGSÅ: Monica Lewinskys eiendeler på auksjon

LES OGSÅ: Drar opp Lewinsky-skandalen fra glemselen

Bill Clinton og Monica Lewinsky

Monica Lewinsky gratulerer Bill Clinton med attval i 1997.

Foto: AP

Ikkje den rette

Sidan ho sist var framme i media for rundt ti år sidan har ho teke ei solid utdanning. Ho har teke ein master i sosialpsykologi ved London School of Economics, og har også studert i New York, Los Angeles og Portland.

Den tidlegare frivillige i Det kvite hus har sidan vore i mange jobbintervju innanfor kommunikasjon og merkevarebygging, med særleg vekt på humanitære organisasjonar.

Kvar gong har ho fått svaret at ho ikkje er den rette for jobben, og mange har svart at det er på grunn av historia hennar.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt