NRK Meny
Normal

Mogleg terror-link i London

Ei muslimsk gruppe ser ut til å vere eit felles tilknytingspunkt for terroravsløringane denne månaden, og terroraksjonane i London 7. juli i fjor.

Terroravsløringar i London
Foto: Matt Dunham / Scanpix/AP

Fleire av dei arresterte i samband med avsløringa av planane om å sprengje fleire fly i lufta mellom Storbritannia og USA, ser ut til å ha ei viss tilknyting til gruppa Tablighi Jamaat, skriv den britiske avisa The Guardian i dag.

Tablighi Jamaat sjølv avviser å ha noko med terrorisme å gjere.

Shehzad Tanweer, sjølvmordsbombar London 7.juli 2005.
Foto: Scanpix/AP

Studiesirklar

Fleire av dei som no er arresterte skal ha delteke i religiøse studiesirklar og helgesamlingar arrangerte av Tablighi Jaamat i Aust-London.

Tablighi, som vart danna i indisk Kashmir, står for ei streng islamsk lære med ei bokstaveleg tolking av Koranen. Kleskoden og måten medlemene utøvar trua si blir også karakterisert som fundamentalistisk og streng. Dei tilhøyrer den islamske retninga Wahabismen.

Fleire vestlege etterretningstenester meiner organisasjonen har vore ein viktig rekrutteringsbase for muslimske ekstremistar i Storbritannia.

The Guardian skriv også at britisk politi trur at to av dei fire sjølvmordsaksjonistane som stod bak terroren mot T-banenettet og ein buss i London 7. juli i fjor, vanka i den viktigaste moskeen til Tablighi i Dewsbury i Yorkshire, der organisasjonen har det britiske hovudkvarteret sitt.

Dette gjeld Mohammed Siddique Khan og Shehzad Tanweer.

Ein av dei skal ha slutta på universitetet for å vie seg til islam-studiar i ein madrass, ein koran-skule, i nettopp Dewsbury.

 

Skobomberen Richard Reid
Foto: Scanpix/AFP

Skobombaren

Richard Reid, mannen som er kjend som Skobombaren, skal også ha gått i moskear som tilhøyrer Tablighi Jamaat. Reid vart arrestert i USA mistenkt for å ha gøymt bombedelar i skoa, med det målet for auge å sprengje flyet han var om bord i.

Sjølv om Tablighi Jamaat avviser at dei tek avstand for alle formar for terror, er store delar av det britiske muslimske miljøet sterkt skeptiske til gruppa. Ei undersøking viser at eit stort fleirtal ikkje ville la borna sine ha noko med denne gruppa å gjere.

Ein leiande muslimsk leiar i Storbritannia som The Guardian har snakka med, seier det slik:

- Vi har ein mistanke om kven som har ansvaret for radikaliseringa av ungdomane våre, og dette er noko som uroar oss.

Men ein imam frå Leicester avisa har snakka med, Shaykh Ibrahim Mogra, som også har delteke i arbeidet til Tablighi, seier at organisasjonen er fullstendig apolitisk, og at det einaste målet er å lære muslimar å bli betre menneske.

Motstandar av vald

- Målet er å gjere oss til betre muslimar. Dei er uinteresserte i politikk og er totalt antivaldelege. Det er feil å skulde Tablighi Jamaat, dersom ein tilhengjar blir provosert til noko av drapa på irakarar. Då er det drapa på irakarar som har skulda og ikkje Tablighi, seier imamen.

Sjefen for British Muslim Forum, Khursid Ahmed, ber om ei offentleg gransking av kva organisasjonar som er med på radikaliseringa av muslimske ungdomar.

- Vi må identifisere og isolere elementa som prøver å påverke ungdomane våre i ei radikal retning. Vi må fjerne dei frå den muslimske fellesskapen, seier han.

Tablighi er ikkje på lista til terror-mistenkte organisasjonar i Storbritannia, men fransk etterretning har stempla  Tablighi Jamaat som "eit forkammer til fundamentalisme".

Europas største

Antiterror-kjelder i Storbritannia seier til The Guardian at det er meir sannsynleg at radikaliserte britiske muslimar søkjer seg til Tablighi Jamaat, enn at Tablighi søkjer dei.

Tablighi Jamaat er i dialog med styresmaktene i London om å byggje den største moskeen i Europa like ved det som skal bli hovudstadion for OL i London i 2012.

Om dei får byggjeløyve vil moskeen dekkje 50.000 kvadratmeter i West Ham-området, og ha plass til 70.000 menneske på ein gong.

Ein talsmann for utbyggingssaker i London kommune seier til The Guardian at Tablighi Jamaat ikkje har sendt inn ein formell søknad, og at søknaden vil bli avvist dersom organisasjonen blir knytt til kriminelle aktivitetar.

 

Moskeen i Queens Road i London
Foto: Shaun Curry / Scanpix/AFP

 

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt