Hopp til innhold

1,2 turistmilliardar kan gå tapt etter terror

Bileta frå det grufulle terrorangrepet i Nairobi har gått verda rundt. For turistnæringa i landet kan følgene bli 1,2 milliardar tapte kroner seier ekspertar. Men i Kenya rår optimismen og styresmaktene seier landet er like trygt som det alltid har vore.

KENYA-TOURISM-FEAUTURE

Ei kenyansk politikvinne patruljerer på stranda i Mombasa, den mest kjente turistbyen i Kenya. Styresmaktene i landet meiner det framleis er trygt for utlendingar å kome til Kenya på ferie.

Foto: Ivan Lieman / Afp

Turistnæringa var dei første som starta å frykte for minkande inntekter då terroristane slo til på kjøpesenteret Westgate den 22. september. Ifølgje analysebyrået Moody's kan meir enn 200 millionar turistdollar ha gått tapt for Kenya. Det vert 1,2 milliardar i norske kroner.

– Bevis viser at 2013 vil bli eit veldig vanskeleg år for den lokale turistindustrien, står det i ein rapport som i går vart gitt ut av Business Monitor International.

– Eit lite hikk

Dei tapte inntektene vil kunne bremse den økonomiske veksten i Kenya med ein halv prosent. Men trass dei dystre analysane så beheld kenyanarane optimismen, og seier at terrorangrepet ikkje har hatt noko påverknad på turismen.

– Eg meiner det er trygt å reise til alle delar av Kenya, og eg vil anbefale turistar til å reise som normalt, seier turistminister i Kenya Phyllis Kandie til nyheitsbyrået Ap.

Kenya Mall Attack

Ei belgisk kvinne var blant dei turistane som hadde trassa trugselen og likevel reist til Giraffparekn i Nairobi måndag. Parken ligg ikkje langt frå Westgatekjøpesenteret der terroren fann stad.

Foto: Ben Curtis / Ap

Ho kallar terrorangrepet for eit lite hikk i Kenya sin elles så oppegåande turistindustri. Dermed stiller ho seg i den lange rekka kenyanarar som hevdar at alt er trygt for utlendingar og turistar.

– Kenya er fredfullt og våre tryggingsvakter gjer alt dei kan for å forsikre seg om at alle trygge, uttalte representantar for kenyanske styresmakter berre timar etter at angrepet i Nairobi hadde starta.

Det vert antatt at eit av terroristane sine mål er å skape frykt blant turistar for å skade Kenya mest mogleg økonomisk. Ein del turistar har likevel ikkje latt seg skremme, og reist til Kenya. Dan Woods frå Australia er ein av dei.

– Terroren har ikkje skremt oss. Me var urolege for om det var riktig å reise til Kenya no, men fann ut at det var det beste for landet at me ikkje gøymde oss bort, seier Woods til nyheitsbyrået AFP.

Dan Woods

Dan Woods velte å reise til Kenya, og let seg ikkje skremme av dei somaliske terroristane.

Foto: AFP

Amerikansk terrorfrykt i Kenya

Det har i lang tid vore frykt for at Al-Shabaab skulle slå til i hjartet av Kenya på grunn av Kenyas deltaking i Den afrikanske union sine styrkar i Somalia. Også etter angrepet har det kome trugslar om ytterlegare angrep frå terroristgruppa. Det har fått amerikanske styresmakter til å stramme inn sine reiseråd til Kenya.

– Amerikanske borgarar som bur i Kenya, og dei som vurderer å reise dit, bør vurdere sin personlege tryggleik i lys av dei pågåande og nye trugslane frå terroristar, og den høge graden av vald i enkelte område, står det mellom anna å lese på reiserådsidene til amerikanske styresmakter.

For amerikanarane sit minna frå det førre store terrorangrepet i Kenya godt i minne. I 1998 vart 212 menneske drepne under eit terrorangrep mot den amerikanske ambassaden. Den gong var det Osama bin Laden som for første gong viste revir for ei heil verd.

Noreg endrar ikkje reiseråd

Førebels er det få andre som har vore like dystre som USA i sine reiseråd. Det norske utanriksdepartement er blant dei som ikkje har endra sitt reiseråd, som framleis er å unngå reiser nær grensa mot Somalia.

Westgate kjøpesenter i Nairobi, Kenya

Krateret etter terrorangrepet fortel om kraftige kampar.

Foto: Jason Straziuso / Ap

Nyheita frå USA har ikkje blitt tatt godt i mot blant kenyanarar som nettopp frykta slike reiseråd då terroren fann stad. «Uvenleg og lite naudsynt» er karakteristikken Kenyas innanriksminister Joseph Ole Lenku har på amerikanarane sitt reiseråd.

Terroraksjonen kjem berre på toppen av allereie eksisterande utfordringar for den kenyanske turistindustrien. Nye tal syner at Mauritius og den tanzanianske øya Zanzibar tek mange av turistane til Kenya. Det er vond fakta for eit land kor turisme står for dei største eksportinntektene, framfor te og kaffi.

Skulda for å stele varer

Oppryddingsarbeidet er godt i gang i Nairobi, og det vert stadig funne omkomne i ruinane. Omkomne som knapt kan identifiserast.

– Nokre av lika er ikkje moglege å kjenne att og det er bruk for DNA-testing for å få dei ordentleg identifiserte. Nokre av lika er særs øydelagde, seier ein talsmann for kenyansk politi til AFP.

Det har også kome fleire skuldingar mot redningsarbeidarane i kjøpesenteret, som vert skulda for å ha stole alkohol, mat og andre varer inne på kjøpesenteret.

No skal kenyanske styresmakter etterforske om noko kunne blitt gjort betre og annleis i forkant av angrepet. Samstundes trappar dei opp tryggingsarbeidet sitt, nettopp for å vise for dei mange potensielle turistane at Kenya framleis er eit trygt land å besøke.

SISTE NYTT

Siste nytt