Mogleg gjennombrot i kampen mot ebola

Utprøvinga av nye medisinar mot ebola i Kongo har gjeve gode resultat. No håper legar at dette skal stoppe utbrotet i landet.

Vaksine Kongo

EIT LITE STIKK: Nye medisinar har vist seg effektive i kampen mot ebola i Kongo. No gir det håp om at epidemien, som har teke over 1800 liv sidan august i fjor, kan stoppast.

Foto: Baz Ratner / Reuters

Sidan august i fjor er rundt 2800 menneske i Kongo smitta av ebolaviruset. Ifølgje tal frå WHO har over 1800 mista livet i utbrotet. Men no kan forskarar ha funne ei løysing som aukar sjansane for å overleve, skriv The Guardian.

I november sette WHO og det amerikanske instituttet for smittsame sjukdomar, NIAID, i gang med å prøve ut nye behandlingsmetodar. Men forsøka blei avslutta då to legemiddel viste seg svært effektive mot viruset.

– No kan vi ikkje lenger seie at det ikkje er mogeleg å kurere ebola. Dette er framsteg som kjem til å redde tusenvis av liv, seier den kongolesiske legen Jean-Jacques Muyembe, som har vore sentral i kampen mot ebola sidan det første utbrotet i 1976.

Jean-Jacques Muyembe

GLEDELEG: Den kongolesiske legen Jean-Jacques Muyembe har koordinert arbeidet med dei medisinske forsøka. Han gler seg over dei gode resultata.

Foto: BAZ RATNER / Reuters

Alle som er smitta, får no desse medisinane. Håper er at det skal stoppe det nest største ebola-utbrotet i verda så langt.

Oppsøker ikkje lege

Antistoffet i legemidla hindrar viruset i å utvikle seg. Men for å få best mogleg effekt, er det viktig at pasientane får medisinen så raskt som mogleg etter at det er påvist smitte.

Behandlinga bør helst setjast i gang innan fire dagar etter at smitte er påvist. Men mange familiar skjuler dei sjuke eller oppsøker helsepersonell først når dei er alvorleg sjuke, og det er for seint å gjere noko, skriv The New York Times.

Muyembe håper dei gode resultata skal få fleire til å søke hjelp tidlegare.

– Når 90 prosent av pasientane som får behandling kjem ut heilt friske, kjem det til å føre til at fleire trur på behandlinga og bygger tillit i samfunnet, seier han til The Guardian.

Farleg arbeid

Direktøren i NIAID, Anthony Fauci, lovprisar alle dei som har gjort dei medisinske forsøka i felt mogleg. Organisasjonar som amerikanske International Medical Corps og Leger uten grenser har vore med å teste ut medisinane.

– Dei har risikert livet kvar dag for å ta vare på pasientar under ekstremt vanskelege tilhøve i område der utbrotet utviklar seg, seier han.

Anthony Fauci

FULL AV LOVORD: Anthony Fauci i det amerikanske helseinstituttet takkar alle helsearbeidarane som har gjort det mogleg å teste ut nye behandlingsmetodar mot ebola i ekstremt vanskelege tilhøve.

Foto: Susan Walsh / AP

Og sjølv om behandlinga ikkje vil kunne utrydde ebolaviruset, er oppdaginga eit stort framsteg, seier Fauci til The Guardian.

– Vi kjem aldri til å bli kvitt ebola, men no er det mogeleg å få stoppa utbrot før dei blir store nasjonale og regionale kriser.

SISTE NYTT

Siste nytt