Den moglege bomba vart funnen utanfor kontora til Sinn Fein sin sjefsforhandlar i fredssamtalane i Nord-Irland, undervisningsminister Martin McGuinness i Cookstown, vest for hovudstaden Belfast.
Ein talsmann for det nordirske politiet, Roryal Ulster Constabbulary, stadfestar funnet av det som kan vere ei bombe. Talsmannen opplyser at meir enn 40 hus er evakuerte, både private heimar, butikkar og eit bibliotek.
Gjenstanden skal ikkje ha eksplodert.
Fredsprosessen i Nord-Irland er inne i ei alvorleg krise. Ingen av partane har godteke eit framlegg til ein fredsavtale som Storbritannias statsminister Tony Blair og hans irske kollega Bertie Ahern har utarbeidd.